Med stortingsrepresentant Trond Giske til stades som årsmøtegjest, markerte Førde Ap måndag kveld si samla motstand mot Nordic Minings planlagde sjødeponi i Førdefjorden. Ap-laget i fylkets største kommune stadfesta nei-haldninga si i ei samrøystes fråsegn, og vil no gjere den omstridde deponisaka til fylkesårsmøtesak. Førde Ap tek også sikte på å reise landsmøtedebatt om saka som både norsk og internasjonal miljørørsle har engasjert seg meir og meir i.

Føre var

– Ut frå prinsippet om å vere føre var, kan det ikkje gjevast løyve til deponiet i samband med mineralutvinning på Engebø, seier årsmøtet si samrøystes fråsegn fråsegn. Der argumenterer Førde Ap mellom anna med at åtvaringa frå faginstansar som Miljødirektoratet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet og Mattilsynet, og protestane frå havbruksnæringa, Fiskarlaget, og frå reiselivsnæringa.

– Seksti selskap med omsetnad på 16 milliardar kroner per år som har aktivitet i området innanfor fiskeri, sjømat, villaks og reiseliv har bede regjeringa om å avvise utslepp av gruveavfall i Førdefjorden, i frykt for tap for næringane sine. Det nasjonale omdømet for sjømatnæringa og Norges reiseliv er truga, seier Førde Ap.

«Lagt øyde»

Førde Ap meiner at viktige rekreasjonsområde for folket ved fjorden vil bli lagt øyde i 60–70 år, og viser til at ei fersk undersøking syner at det berre er ti prosent av Norges befolkning som aksepterer sjødeponi i Førdefjorden ved mineralutvinning på Engebø.

Under lokallagsårsmøtet utfordra både Helge Robert Midtbø og Helge Leif Nordvik årsmøtegjest Trond Giske om deponisaka – utan å få klare standpunkt frå mannen som i si tid la fram Mineralmeldinga medan han var næringsminister, og som slett ikkje markerte seg som motstandar av fjorddeponi då han i mars 2012 gjesta fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane .

Berekraftig

Måndag kveld sa Giske at mineralutvinninga må skje på ein miljøforsvarleg måte, at ein ikkje må gjere om att fortidas synder, og at Ap ikkje har teke stilling. Ut over det, etterlyste han at regjeringa snart konkluderer.

– Det er ikkje meir utgreiing som trengst, sa Giske i sitt svar til Midtbø og Nordvik.

I pausen under årsmøtet seier Giske til Firda at deponisaka er vanskeleg, og at regjeringa anten må seie at ein framleis har for lite fakta, eller skjere igjennom på det grunnlaget ein har.

– Dette er nødvendig, både av respekt for lokalsamfunnet, og for investorane, seier han.

– Kva har det etter di meining å bety at fleire faginstansar og tunge næringar går mot deponiet?

– Det at mange omsyn må vegast mot einannan, gjer denne saka vanskeleg. Dessutan er det diskusjon om faktagrunnlaget. Gruvedrift må vere i pakt med miljøet. Ein kan ikkje gjere tidlegare tiders feil om att.

Grunnleggande usemje

– Kvar ligg smertegrensa der «føre var»-prinsippet slår inn?

– Dersom det er grunnleggande tvil om kva som er fakta, må det kome miljøet til gode. Her handlar det ikkje om tolkingar, men om grunnleggande usemje om kva som er fakta. Då må regjeringa avklare kva som skal leggast til grunn, eller seie at ein framleis veit for lite, seier Trond Giske.