Det sa Trine Skei Grande etter det opne møtet i Naustdal om Engebøprosjektet, i regi av Venstre måndag kveld.

Partileiaren frå Venstre er ikkje motstandar av gruvedrift, men av fjorddeponi.

– Vi kan ikkje vere einaste land i verda som brukar havet som søppelplass. På 80-talet dumpa vi atomavfall i havet. Vi har lært at det var dumt, sa ho blant anna.

Ho understreka at ein veit for lite om følgene av eit fjorddeponi og at risikoen for fiskeriet er for stor.

– Langtidstenkande næringar bør alltid prioriterast. Fisk skal vi leve av for all tid. Protein er alltid salbart. Gruvedrift varer berre til eit visst punkt. Så blir det tomt.

– Tydeleg vanskeleg

Saka ligg no på kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner, sitt bord. Klima- og miljødepartementet og nærings- og fiskeridepartementet skulle opphaveleg gje sine svar om Engebø-saka i slutten av november, men fristen blei forlenga på ubestemt tid.

– Det er tydeleg ei vanskeleg sak i regjeringa, for det tar tid. Hadde det vore ei enkel sak, hadde den vore avgjort for lenge sidan. Den er kjempevanskeleg. Ein veit at det blir bruduljar og arenaer for omkampar, seier Skei Grande.

Ho understreka at det alltid er håp politisk, så lenge ein ikkje gir seg.

– Eg gir meg ikkje før det har smelt mange gongar, sa ho.

–Kva påverknadskraft har Venstre inn mot regjeringa?

– Vi er det partiet dei har samarbeidsavtale med. Eg veit at dei har eit øyre til oss, og eg trur bodskapen vår har komme fram.

På spørsmål om kva følger ei fjorddeponi-ja frå regjeringa får for regjeringssamarbeidet, svarar ho slik:

– Eg trur dei veit at dei får dårleg stemning. Vi kjem til å prøve å bruke Stortinget. Eg håpar dei er lydhøyre for det som skjer lokalt og at dei høyrer at det er andre haldningar no enn då kommunestyra tok si avgjersle.

Ikkje stor nok nasjonalt

Gunhild Berge Stang, fylkesleiar i Venstre i Sogn og Fjordane, snakka om at kampen om Engebøprosjektet starta lokalt, og at den no kanskje er ei av dei største miljøsakene i landet. Det har vore skrive mykje om saka i lokale media, men folk på møtet meinte saka ikkje er komme nok opp på den nasjonale dagsorden.

– Det verkar som fjella har vore effektive støymurar til Oslo. Det ser ikkje ut som det har tatt full fyr i maktapparatet. Saka er ikkje blitt viktig nok. Den er ikkje det før den er ei nasjonal sak og på debatten på NRK1, sa Runar Hovland frå Naustdal.

– Det er alltid vanskeleg å få Oslo-pressa til å bry seg. Vi prøvar å få nasjonale media til å skrive meir om saka, svarte Skei Grande.

Ofte må ein gå omvegen om internasjonal presse, før saker tar fyr nasjonalt, meinte partileiaren.

– Kampen er ikkje over, uavhengig av kva som kjem ut av Sanners munn, avslutta Berge Stang.