Langt over 500 personar møtte opp til fakkeltoget «Nei til gruveavfall i Førdefjorden» som gjekk frå rådhuset til Førdehuset torsdag kveld.

Dei som delte ut faklar fortalde Firda at dei hadde handla inn 500 faklar, men at dei raskt vart rivne vekk.

Det var langt fleire oppmøtte enn dei som hadde faklar, og då toget kom til Førdehuset, gjekk var folkerekka framleis langt innover Angedalsvegen.

– Vi er heilt overvelda over denne enorme oppslutninga, seier sekretær i Naturvernforbundet Linn Hjelmeland Finstad.

– Det at så mange er her, viser berre at det vil vere å gå baklengs inn i framtida å seie ja til deponiet, legg ho til.

Folkemassen følgde også inn i Førdehuset der det vart halde fleire apellar.

Interesse som ber langt

– Frammøtet i kveld syner at motstanden mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden strekkjer seg langt ut forbi Sunnfjord, seier Anne Line Thingnes Førsund til Firda.

Ho såg at mange frå langt utanfrå Førde og Naustdal sine grenser hadde teke turen.

Thingnes Førsund meiner det er folkefleirtalet som stilte opp denne kvelden, og at talet frammøtte syner at dette er ei av dei viktigste sakene på mange år.

– Ei folkerørsle for Førdefjorden

Tidlegare Førde-ordførar Nils Gjerland følgde opp:

– Dette er ingen aksjon! Det er ei folkerørsle for Førdefjorden, sa Gjerland til stor jubel frå den stappfulle salen.

Frå talarstolen gjorde han det klart at han fann det sjokkerande at nokon vil øydelegge evigvarande verdiar for nokre tiårs kortsiktige vinningar.

– Dette handlar om eit verdival for Førdefjorden og vi veit meir enn nok til å seie nei til dette påfunnet, tordna Gjerland til ny jubel frå dei frammøtte.