Fjalerbu er blant toppkandidatane på fylkestingslista til MDG

Frå venstre Natalia A. Golis, Pauline Tomren, Mark Taylor, Øyvind Strømmen og Mona Høgli.

Frå venstre Natalia A. Golis, Pauline Tomren, Mark Taylor, Øyvind Strømmen og Mona Høgli. Foto:

POLITIKK: Mark Taylor frå Fjaler er på andreplass på fylkestingslista for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).

DEL

– Eg ser fram til å fremje viktige grøne saker for distrikta, seier Mark Taylor i ei pressemelding, og understrekar viktigheita av vidaregåande skular og tannklinikkar nær folk i heile det nye storfylket.

Han er i dag kommunerepresentant i Fjaler og andrekandidat på fylkestingslista for MDG.

Natalia A. Golis (38) er vald til førstekandidat. Ho er gruppeleiar i Hordaland og fylkesleiar for MDG Vestland.

– Målet for valkampen er å få inn ei stor gruppe, og å bidra til at Dei Grøne kjem i posisjon i det nye fylket. Det har vi god tru på. Mange hordalendingar, sogningar og fjordingar, både by og byd, har eit sterkt miljøengasjement, og vår oppgåve blir å vise at MDG er det beste valet for dei, seier Golis i pressemeldinga.

Ungdomskandidaten Pauline Tomren er på tredjeplass, og på fjerdeplass står Mona Høgli, som også er ordførarkandidat for MDG Bergen. Sakprosaforfattaren Øyvind Strømmen frå Samnanger er på femteplass.

Artikkeltags