I eit brev til Klima- og miljødepartementet torsdag varslar miljøorganisasjonane om søksmålet.
I brevet seier organisasjonane at løyvet som vart gitt i 2015 ikkje inkluderte ein plan for handtering av gruveavfallet. Det er etter deira syn eit brot med EUs mineralavfallsdirektiv og avfallsforskrifta.
– Det er ein klar saksbehandlingsfeil. Vi ber derfor Klima- og miljødepartementet om å trekkje utsleppsløyvet tilbake, men er førebudd på at det kan bli nødvendig å gå rettens veg, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.

Storaksjon på Engebø torsdag – alle aksjonistane skal inn på anleggsområdet
Ikkje bekymra
Klima- og miljødepartementet har ifølgje NRK tre veker på seg til å komme med eit svar på omgjeringskravet. Om kravet ikkje blir teke til følgje, blir det opp til landsstyra i Naturvernforbundet og Natur og Ungdom om det skal reisast søksmål mot staten.
Kenneth Nakken Angedal, direktør i gruveselskapet Nordic Mining, er ikkje bekymra.
– Vi er trygge på at driftsløyvet er gitt på eit godt og lovleg fundament, etter gode og lange vurderingar i mange instansar, seier han til NRK.

Naturvernforbundet vil ta gruveprosjekt til retten
Gruveavfall
Selskapet Nordic Mining skal utvinne titanmineralet rutil frå Engebøfjellet som ligg på nordsida av Førdefjorden i Naustdal i Sunnfjord kommune i Vestland.
Restmassane frå rutilproduksjonen skal deponerast på vel 300 meters djup i Førdefjorden, noko som har utløyst kraftige protestar frå miljørørsla. Havforskingsinstituttet har åtvara mot å dumpe gruveavfall i fjorden.
Rutil blir hovudsakleg nytta til produksjon av miljøvennleg pigment eller som råstoff til titanmetall. Forskingsstiftinga Sintef har tidlegare anslått at prosjektet kan gi 170 arbeidsplassar direkte knytt til produksjonen som er anslått å kunne halde fram i 50 år.
Over 40 arrestert på Engebø

– Ei oppleving å ta med seg inn i livskvelden

Verneombod om asbest-rivinga på Engebø: – Dette er heilt horribelt
