Gå til sidens hovedinnhold

Miljødirektoratet: Ikkje fang rumpetroll utan løyve

For å hindre spreiing av sopp blant amfibium er det no ikkje lenger lov å fange rumpetroll utan løyve.

– Det kan vere spennande å følgje utviklinga frå rumpetroll til frosk, men dessverre står det ikkje så bra til med amfibia våre. Dei blir trua av amfibiesopp, men også av forureining, klimaendringar og gjengroing og nedbygging av dammar, seier seksjonsleiar Knut Morten Vangen i Miljødirektoratet i ei pressemelding.

For å unngå spreiing av amfibiesopp har direktoratet fjerna unntaket i forskrift som gjorde det tillate å samle inn egg/rumpetroll av buttsnutefrosk for å sjå på utviklinga til frosk. No må ein, som for alt anna vilt, søkje om løyve til innsamling.

– Det er viktig å førebyggje at soppen blir spreidd. Soppen finst i vatn, og vatn som blir frakta med rumpetroll, kan komme på avvegar og ut i andre vatn enn der det vart henta inn, seier Vangen.

Amfibiesoppen har nyleg vorte påvist i Noreg. Den er smittsam og kan medføre sjukdom og død hos amfibia han kjem i kontakt med. Det har enno ikkje vorte registrerte sjuke amfibium som følgje av soppen, opplyser Miljødirektoratet.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken