Torsdag vedtok Førde formannskap å klage sjødeponiet i Førdefjorden inn for ESA-somstolen.
Les også: Men formannskapet klagar fjorddeponi til ESA
Det fekk aksjane til Nordic Mining til å stupe på børsen, skriv hegnar.no i dag.
Aksjen steig kraftig sist fredag, då regjeringa sa ja til sjødeponiet. I dag fall den med 9,2 prosent etter vedtaket i Førde formannskap i går.
– Viktig å seie frå
– Dette fortel meg at det er veldig viktig å seie frå, seier Norvall Nøringset (SV).
Det var han som la fram forslaget om å klage til ESA. Eit framlegg han fekk fleirtal for i formannskapet.
– Det er veldig interessant å sjå at vedtaket får konsekvensar langt inn på børsen. Det viser at aktørane i marknaden ser at det kan bli konsekvensar, seier Nøringset.
Norvall Nøringset
Konsekvensar
– Har du nokon gong komme med eit forslag som har fått liknande konsekvensar?
– Nei i alle fall ikkje på børsen, seier Nøringset.
Han legg til at det kjennest litt uvanleg å komme med eit forlsag i Førde formannskap som får folk i finansmarknaden til å reagere.
– Det viser berre kor viktig denne saka er, seier Nøringset.