Rydd ei strand og vinn ein premie

OPPSTART: Kystlotteriet startar i Sogn og Fjordane laurdag 16. september. Bak frå venstre: Sten Helberg (Kystlotteriet),Arne Øvrebø (SUM), Janne Bareksten (NOMIL), Kaja Standal Moen (Flora kommune), Sigmund Flaten (Naturvernforbundet i Sogn og Fj.). Framme: Linn Sofie Ugulen (SIMAS) og Marit Bendz (Naturvernforbundet i Sogn og Fj.)

OPPSTART: Kystlotteriet startar i Sogn og Fjordane laurdag 16. september. Bak frå venstre: Sten Helberg (Kystlotteriet),Arne Øvrebø (SUM), Janne Bareksten (NOMIL), Kaja Standal Moen (Flora kommune), Sigmund Flaten (Naturvernforbundet i Sogn og Fj.). Framme: Linn Sofie Ugulen (SIMAS) og Marit Bendz (Naturvernforbundet i Sogn og Fj.) Foto:

FYLKET: Om du vil gjere noko godt for miljøet og samstundes ha moglegheit til å stikke av med ein flott premie, har du sjansen.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Frå og med laurdag 16. september kan du plukke med deg ein sekk, rydde opp søppel og dermed vinne premiar.

Det er dei fire store miljøverka i fylket og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane som står bak Kystlotteriet, som blir ei permanent ordning for 23 av dei 26 kommunane i fylket. 

Dei som er interesserte i å vere med, kan hente spesialsekkar og lodd på utvalde stader i kommunane. Ein del av loddet blir hengande på sekken, medan strandryddaren får med seg ei kvittering.

Les også: Har plukka enorme mengder boss, og  Strandrydding engasjerer hundrevis - no er pantepotten tom

Bosset går vidare til miljøverka, der lodda blir rivne av og samla opp. Med jamne mellomrom vert det trekt premiar lokalt, og desse blir sponsa av kommunane. Det vil også vere trekkinga av nasjonale premiar.

I ei pressemelding skriv Naturvernforbundet at dei håpar næringslivet, reiselivsverksemder og andre vil vere rause med gåver til Kystlotteriet. Døme på gåver er festivalplass, kurs, konsertbillettar, hotellopphald og spa. 

Laurdag er det avspark for Kystlotteriet, noko som skjer under den nasjonale strandryddedagen «Hald hausten rein».

Kystlotteriet varer til alle strender er reine, melder Naturvernforbundet i pressmeldinga. 

Artikkeltags