Ikkje bekymra for 6000 tonn utslepp

NATURLEG: Tungmetall-utsleppa frå Engebø-gruva vil ikkje vere påverka av kjemi, og vil dermed ikkje skade miljøet i fjorden, seier kjemi-professor Einar Sletten ved UiB.

NATURLEG: Tungmetall-utsleppa frå Engebø-gruva vil ikkje vere påverka av kjemi, og vil dermed ikkje skade miljøet i fjorden, seier kjemi-professor Einar Sletten ved UiB.

Artikkelen er over 5 år gammel

– Prosessen som skal brukast i Engebø-gruva gjer at kvikksølv og andre tungmetall ikkje blir frigjort til miljøet, seier kjemi-professor Einar Sletten.

DEL

– Prosessen som skal brukast i Engebø-gruva gjer at kvikksølv og andre tungmetall ikkje blir frigjort til miljøet, seier kjemi-professor Einar Sletten.

Firda skreiv i går at gruveslammet som skal sleppast ut frå Engebø-gruva vil innehalde 6000 tonn tungmetall og kjemikaliar kvart år. Vi siterte professor emeritus ved Kjemisk institutt ved Universitetet i Bergen Einar Sletten, som sa at avhengig av kva prosessar som vart brukt, kunne ein større eller mindre del av dette bli løyst opp og dermed skade miljøet. 

– No har eg sett meg inn i prosessen for utvinning av titan på Engebø, og det syner seg at dei bruker ein flotasjonsteknikk for utvinning, som slepp tungmetalla igjennom utan at dei blir påverka av kjemikaliane, seier Sletten.

Flotasjon er ein teknikk som vart utvikla for rundt 100 år sidan, som har gjort gruvedrift langt mindre ureinande enn det var før, seier Sletten.

Brukar såpe

– Kort fortalt går det ut på at ein finmel malmen til mjølet blir så fint som sement. Så tilset ein overflateaktive substansar, ein slags såpe, som bitt seg til det metallet ein ynskjer å ta ut, i dette tilfellet titanoksyd. Dermed blir titanpartiklane vassavstøytande, og når ein så bles luftbobler inn i karet, vil desse partiklane flyte opp til overflata og kan skummast av der. Såpene ein brukar kan spesialdesignast, så dei bitt seg berre til akkurat det og det metallet. Til slutt blir den våte massen tørka og magnetisk reinska. Ved denne teknikken har eg sett reinheit på opp til 95 % i det utvunne materialet, seier Sletten.

Ikkje biologisk tilgjengelege

Ingen av metalla i støvet vil vere påverka av kjemikaliar, og dei vil dermed ikkje vere meir biologisk tilgjengelege enn det som finst av slike metall i botnsedimentet frå før.

– Når ein då veit at kvikksølv-innhaldet i Engebøfjellet er lågare enn det som er gjennomsnittet for jordskorpa elles, så er ikkje utsleppet noko å bekymre seg for, slik sett, seier Sletten.

– Men det skal og sleppast ut 3650 tonn av forskjellige syrer i året?

Kjemien blir nedbroten

Desse kjemikaliane er biologisk nedbrytbare, og vil bli fortynna i fjorden til eit heilt ufarleg nivå.

– Så eit utslepp på seks millionar tonn steinstøv  som inneheld 6000 tonn tungmetall og kjemi i året er heilt ufarleg?

– Tungmetallet i utsleppet tilsvarer det naturlege innhaldet i stein, og er ikkje påverka av kjemikalier, fordi det er ein fysisk, og ikkje kjemisk prosess. Så det bekymrar meg ikkje. Men dei ulike faginstansane, som NIVA, Havforskningsinstituttet og Klif er samde om at ein del av havbotnen vil bli påført skade så lenge utsleppa pågår, men vil kunne bli regenerert over tid etter at prosjektet er avslutta.  Usemja går på kor stor del av havboten som blir påverka. Det problemet har eg ikkje faglege føresetnader for å uttale meg om. Men eg har full forståing for at bygdefolk er uroa med tanken på at deler av fjordbotnen skal tilgrisast over ein mannsalder, seier Sletten.

Artikkeltags