– Sivil ulydnad må nyttast som siste utveg for å hindre at Førdefjorden vert utsett for miljøkriminalitet og øydelagt av gruveavfall for all framtid, seier Ingunn Kandal som er fylkesleiar i Raudt Sogn og Fjordane.

I ettermiddag tok Kandal seg opp på Engebøfjellet saman med seks andre for å stanse Nordic Minings prøveboring i Engebøfjellet.

– Fire av oss har delt oss i to grupper som har lenka seg fast til to boreriggar. Dei tre andre har meir ein støttefunksjon for oss, seier Kandal som ikkje hadde sett noko til politiet då Firda snakka med ho.

Dersom politiet ikkje dukkar opp, er Kandal usikker på kor lenge ho og dei andre aksjonistane vert sitjande.

– Førebels har vi det fint, trass i at det periodevis er sterk vind. Eg har varme klede og tjukk kjeledress, og beina har eg nedi ein sovepose. Eg har ikkje planar om å stikke av med det første, slår Kandal fast.

Kandal, som er tilsett som lærar i Høyanger kommune, ottast ikkje at sivil ulydnad skal få konsekvensar for jobben hennar som lærar.

– Eg er sjølvsagt innstilt på å ta konsekvensane for handlingane mine, og reknar med at eg kan få bot og ferdselsforbod slik dei andre som har lenka seg fast har fått, avsluttar Kandal.