Litt kjemisk, men ...

Reinsing: Driftsingeniør Magne Reidar Førde og driftsleiar for avløpshandteringa i Førde kommune, Joar Birkeland (bak) har kontroll på reinseanlegget. Foto: Sigurd Løseth

Reinsing: Driftsingeniør Magne Reidar Førde og driftsleiar for avløpshandteringa i Førde kommune, Joar Birkeland (bak) har kontroll på reinseanlegget. Foto: Sigurd Løseth Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Kva mystiske kjemikaliar vert sende ut i fjorden her?

DEL

Førde kommunes kloakkreinseanlegg på Ytre Øyrane vert stadig trekt inn i diskusjonen om fjorddeponi på Engebø. Det luktar av svart og kvitt og auga som ser: Her går føre seg kjemikaliebruk som i Engebø-format vil ta knekken på fjorden, eller så er bruken beviset på at alt som skal sendast i fjorden, er gullande reint og forsvarleg.

– Jau då, vi brukar det same stoffet som Nordic Mining skal bruke, avslører driftsingeniør Magne Reidar Førde.

Det handlar om polyakrylamid, ein syntetisk «gelatin», forklarar han. Oppløyst i vatn blir stoffet ein sleip masse med fenomenal evne til binde seg til finstoff og danne store slamklumpar (flokkulering).

Landsdeponi

Produsentane operer med ulike produktnamn, og det finst 40–50 variasjonar innanfor kvart namn. Mens Nordic Mining vil bruke Magnafloc, held reinseanlegget på Øyrane seg til Flopam.

– Stoffa verkar på same måte, men når det gjeld samanlikninga med Nordic Mining, så er det ein stor skilnad: Vi reinsar avløpsvatn og «produserer» eit slam som vi av-vatnar i sentrifuger og sender til Hesjedalen til bruk blant anna til dekkmasse. Vatnet som vi pressar ut av slammet, sender vi tilbake til reinsing i reinseanlegget, seier Førde.

– Polyakrylamid er ikkje giftig, men poenget er at vi ikkje vil sende kloakkslam i form av fosfor og organisk stoff ut i sjøen. Vi brukar polymeren til å samle opp og fjerne desse stoffa frå avløpsvatnet, forklarar han.

– Klarar de å samle opp alt Flopam?

– Det vert vi ikkje målte på. Det vi blir målte på, er utslepp av organisk stoff og fosfor. Men sidan stoffet er løyseleg i vatn, kan vi ikkje garantere at ikkje små mengder følger med avløpsvatnet ut i sjøen.

Reinseanlegget på Ytre Øyrane brukar om lag 10 kg polyakrylamid i døgnet. 95–97 prosent av alt finstoff og ureining i avløpsvatnet vert fjerna, så forsvinnande lite av polymeren vert sleppt ut med avløpsvatnet, ifølge driftsingeniøren.

Blir broten ned

Polymeren blir produsert syntetisk, men er i stor grad organiske hydrokarbonar som blir nedbrotne over tid. Mindre enn 0,1 prosent av polymeren er fritt akrylamid som er påvist å vere kreftframkallande, opplyser Førde.

– Å lagre kloakkslammet på land er heilt uproblematisk, det kan brukast som gjødsel, fortel han.

Få gram

Totalt hentar reinseanlegget ut to tusen tonn kloakkslam i året. Med bruk av ca. 10 kg Flopam i døgnet der giftig restavfall utgjer mindre 0,1 prosent, blir det ikkje mange gram av det som er giftig, seier Førde.

– Ville det uroe deg om stoffet hamnar i deponiet til Nordic Mining?

– Ikkje som giftstoff. Den giftige delen er så forsvinnande liten. Spørsmålet går meir på kva som skjer på sjøbotn med store mengder polymergelé med knust stein, seier Magne Reidar Førde.
 

Artikkeltags