I dag opnar Toyota i Førde sitt nye bilanlegg på Hafstad, med snorklipping og underhaldning.

Torsdag tjuvstarta dei med miljøbillansering i dei nye lokala. Det gjekk i superlativ og framtidsoptimisme då Toyota snakka om hovudattraksjonen for kvelden; den nye hydrogenmodell 'Mirai'.

– 'Mirai' tyder 'framtid' på japansk, seier Espen Olsen, informasjonssjef i Toyota Norge, frå scena.

Og det er framtida det i all hovudsak handlar om denne kvelden. Framtida for planeten vår, ja, men også draumen om hydrogenbilar på vegar over heile landet – eit scenario som framleis ligg eit stykke fram i tid. I dag finst det berre fire hydrogenstasjonar i drift i Norge, og alle er på Austlandet.

Høna og egget

 – Vi spår ei liknande kurve på salet av hydrogenbilar som ein har sett med elbilar; det går treigt i starten, men så smell det. Hydrogensamfunnet kjem, anten vi vil det eller ei, seier Olsen.

– Når kan ein vente å sjå dei første hydrogenbilane på vegar i Sogn og Fjordane?

Det er vanskeleg å seie. Det er avhengig av at lokalpolitikarar er villige til å investere. Dei store byane er fremst i køen når det kjem til utbygging av hydrogenstasjonar, men dersom energiselskap og politikarar visar eit spesielt stort engasjement, kan det ta kortare tid, seier Olsen.

Brenselcelle

  • Hydrogenbilar vert driven av ei brenselcelle, kor hydrogen og oksygen reagerer kjemisk, og produserer elektrisitet.
  • Det einaste utsleppet frå prossessen er vatn.

– Det er litt som med høna og egget, men her må heilt klart fyllestasjonane på plass for at folk skal kjøpe bilar. Ingen i fylket vil ha ein hydrogenbil om dei må til Oslo for å fylle drivstoff. Optimistane ser for seg 6000 hydrogenbilar i Noreg i år 2020. Innan den tid skal det vere 20 fyllestasjonar i drift.

Ulike behov

– Målet er ikkje å konkurrere med elbilar, men å erstatte konvensjonelle bilar som forureinar, seier Olsen.

– Elbilar og hydrogenbilar er ulike løysingar på ulike behov. Hydrogenbilar eignar seg betre til lengre distansar enn kva elbilar gjer. Hydrogen er òg godt eigna for tungtransport.

– Folk er miljøbevisste

Avdelingsleiar for Toyota Førde, Stein Vidar Vie, har god tru på at bilen vil selje i Førde, når først fyllestasjonane er på plass.

– I dag er 94 prosent av bilane vi sel hybridbilar. Vi merker at folk flest er veldig miljøbevisste, og interesserte i ny teknologi.

Trur du kundane vil vere skeptiske til hydrogenbilar?

Kanskje litt i starten, men eg er ikkje særleg redd for det. Når dei får prøvekøyrt bilen og lært seg den å kjenne, er eg heilt sikker på at den vil selje godt.