Onsdag var det møte mellom Frp og Nordic Mining på Stortinget. Frank Willy Djuvik var til stades for å orientere om synet til fylkespartiet. No håpar han på ei rask avgjerd i saka.

Rask avgjerd

– Det handlar om respekt for selskapet og dei private, som har investert så mykje pengar og sett så mykje på vent, seier Djuvik.

Frp har vore for prosjektet heile vegen, men Djuvik seier også at det har vore viktig med grundige utgreiingar. No meiner han at kunnskapsgrunnlaget er godt nok til å ta ei rask avgjerd.

Ikkje meir å utgreie

– Det finst nesten ikkje meir å utgreie, vi har fått sjekka ut alle usikre moment, seier han, og viser til at Miljødirektoratet har konkludert med at fjorddeponiet vil ligge i ro.

Djuvik fortel at både leiar i Kommunal- og forvaltningskomiteen Helge Andre Njåstad, fraksjonsleiar for Frp i Nærings- og fiskerikomiteen Øyvind Korsberg, samt fraksjonsleiar for Frp i Miljø. og energikomiteen Oskar Grimstad var veldig positive til prosjektet.

Skal presse på

– Dei vil presse på opp mot ministrane og vere tydleg på Frp si haldning til prosjektet, seier Djuvik.

Djuvik meiner at fagetatane i Mildjødirektoratet og Fiskeridirektoratet har gitt negative tilrådingar på tynt grunnlag.

– Dei har gjort kuvending i det siste svaret. Der skriv dei at deponiet truleg ikkje vil få konsekvensar for forvaltningsmålet i naturmangfaldlova §5.

Sit med nøkkelrolle

I dette ligg det at artane finst og gyter andre stader langs kysten, og difor ikkje står i fare for å bli fullstendig utrydda, sjølv om dei vil forsvinne frå fjorden. I dokumentet understrekar Miljødirektoratet også at det ikkje finst andre verkemiddel enn vern for å ta vare på blålanga, fordi fisket allereie er stoppa. Dei skriv også at kysttorsken i fjorden er antatt å vere ei eiga genetisk stamme, som ikkje finst i andre fjordar.

Statssekretær Per-Willy Amundsen (Frp), i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, sit med ansvar for saka. Djuvik meiner difor at partiet har ei nøkkelrolle og vil bruke denne i favør av gruvedrift.

Orienterte om prosessen

Også ordførar i Askvoll kommune, Frida Melvær (H), fungerande ordførar i Naustdal, Harald Kvame (H), stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) og fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) har nyleg hatt møte i Oslo om Nordic Mining.

På dette møtet var det to ministrar og tilsette i fagdepartementa som handsamar saka. Ifølge Melvær, kom det ingen nye signal om når det kjem ei avgjerd.

Tidspunktet ikkje viktig

– Tidspunktet er heller ikkje så viktig for oss, det viktige er at dei får tilstrekkeleg tid til å sette seg inn i saka før vedtaket blir fatta, seier Melvær.

Melvær fortel at dei orienterte om prosessane i kommunane og om dei positive vedtaka som vart fatta ut frå det breie kunnskapsgrunnlaget.

– I min presentasjon fortalde eg også om skepsisen, og at denne har ført til at kunnskapsgrunnlaget har blitt endå betre, seier Melvær.