Firda har samla lokale #metoo-historier. Mange av historiene er dryge, støytande og alvorlege

Firda-journalistane Eline Kirkebø og Cecilie Brendehaug Rysjedal har jobba med #metoo-undersøkinga for Firda. Har du ei historie du meiner bør komme fram? Kontakt ein av dei.

Firda-journalistane Eline Kirkebø og Cecilie Brendehaug Rysjedal har jobba med #metoo-undersøkinga for Firda. Har du ei historie du meiner bør komme fram? Kontakt ein av dei. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

338 Firda-lesarar har svart om seksuell trakassering. I dag presenterer vi resultatet.

DEL

Firda spurte lesarane om å bidra i ei undersøking om seksuell trakassering. Prosjektet er ein del av eit større prosjekt om kvardagstrakassering og har blitt gjennomført i samarbeid med resten av Amedia-konsernet og Nettavisen.

338 Firda-lesarar deltok i vår lokale undersøking. Rundt halvparten valde å dele sine personlege historier om seksuell trakassering, maktmisbruk og også overgrep. Folk fortel om krenkande episodar frå barneskulen og uønskt seksuell merksemd frå sjefar og kollegaer. Hensikta vår var å avdekke omfanget av trakassering i jobbsamanheng eller der trakasseringa skjer frå ein person ein har eit underlegent maktforhold til.

Les dei rystande historiene her

Historiene Firda no publiserer er hovudsakleg knytt til arbeidsliv. Dette fordi flest fortel at dei har opplevd seksuell trakassering på desse arenaane.

Kontakt oss!

Har du eit #metoo-historie du ønsker å dele med oss?

Ta kontakt med:
Eline Kirkebø: eline.kirkebo@firda.no/413 50 350
Cecilie Brendehaug Rysjedal: cecilie.rysjedal@firda.no/908 27 219

Vil du skrive lesarinnlegg om #metoo og seksuell trakassering? Legg det inn her

Mange har også delt historier om seksuell trakassering i skulen. Desse handlar gjerne ikkje om ubalanse i maktforhold, men når så mange unge deler historier frå skulemiljøet, må vi ta det på alvor. Det viser at seksuell trakassering er utbreitt allereie i ein tidleg del av livet – i ei fase der haldningar vert forma

I tillegg har vi fått inn mange historier om hendingar i sosiale samanhengar, som ikkje vert publisert i denne samanhengen. Men det viser at omfanget er stort og at seksuell trakassering og overgrep skjer overalt.

Ein lærar tok tak i ansiktet mitt, kyssa meg på kjaken og kviskra noko i øyret mitt. Vi var åleine på kontoret hans. Eg fekk sjokk.

Kvinne i 30-åra fortel

Dei som har delt historiene sine med Firda ønsker å vere anonyme. For å vareta dette kan historiene vere korta ned, noko endra og reinskrivne. Vi har også anonymisert dei, slik at innhaldet ikkje skal vere attkjennande for andre.

Mange av historiene er dryge, støytande og alvorlege. Vi er takknemleg for at folk har delt historiene sine med oss. Vi meiner det er viktig at dei kjem fram.

«Helene» var 14 og heilt ny i organisasjonen. Det som skjedde på seminaret har ho aldri fortalt – før no 

I Firda si undersøking svarar 50 prosent av dei som har deltatt at dei har blitt utsett for seksuell trakassering. Dette er ikkje eit representativt utval av folk i Sogn og Fjordane, men det viser at det er eit problem også i vårt lokalsamfunn.

Dette svarte våre lesarar:

  • 63 prosent av dei som har svart er kvinner
  • 69 prosent har svart at dei støttar #metoo-rørsla
  • 14  prosent har svart at dei ikkje støttar #metoo-rørsla
  • 49  prosent har svart at dei trur #metoo vil føre til varige samfunnsendringar
  • 70 svarar at dei ikkje har gjort noko som dei trur andre kan oppleve som seksuell trakassering
  • 31 prosent svarar at dei i sitt virke er utrygge på at leiinga ville ha behandla et varsel om seksuell trakassering på ein god måte
  • 52 prosent svarar at dei sjølve har blitt utsett for seksuell trakassering og krenking
  • 40 prosent svarar at dei har opplevd seksuell trakassering og krenking i jobb-samanheng
  • 40 prosent svarar at dei har opplevd seksuell trakassering og krenking i sosial samanheng utanom jobb eller foreiningsliv
  • 41 prosent svarar at trakasseringa/krenkinga har skjedd frå ein overordna eller ein person dei har hatt ein underlegen maktposisjon i forhold til
  • 75 prosent har meldte ikkje frå om seksuell trakassering og krenking
  • 24 prosent av dei som meldte frå meiner varselet ikkje blei tatt tilstrekkeleg på alvor
  • 33 prosent svarar at dei trur den som utsette dei for seksuell trakassering sjølv forstod at det blei oppfatta slik
  • 44 prosent svarar at dei har latt seksuell trakassering skje fordi dei frykta konsekvensane av å seie i frå

Tala er henta frå Firda si undersøking. Totalt svarte 338 lesarar på undersøkinga. Det er ikkje eit representativt utval.

Parallelt med Firda si undersøking, har det blitt gjennomført ei landsrepresentativ undersøking blant personar over 18 år. Undersøkinga er gjennomført av YouGov på oppdrag for Nettavisen og Amedia. 2019 personar deltok.

Eg vart skjenka full og kom til meg sjølv av at vi hadde sex. Ein av kollegaane mine dukka opp og eg fekk han til å køyre meg heim. Eg slutta i selskapet etter dette.

Kvinne i 50-åra fortel

Her seier 1 av 3 personar at dei har blitt utsett for seksuell trakassering. Blant kvinnene som deltok svarar 44 prosent at dei ikkje har blitt utsett for seksuell trakassering. 75 prosent av mennene svarte det same. Sjølv om det er viktig å få fram at også menn blir utsett for seksuell trakassering, er det kvinner det skjer oftast med. Derfor har Firda og dei andre avisene valt å presentere undersøkinga og historiene på kvinnedagen.

Klokka 11.00 publiserer Firda ei samlesak med mange av historiene.

#Metoo starta som eit globalt fenomen, men resultata i vår undersøking viser at seksuell trakassering skjer i alle aldrar, samfunnslag og yrke, blant menn og kvinner, også i trivselsfylket Sogn og Fjordane.

Seksuell trakassering i Norge

Omfanget av seksuell trakassering i Norge er enormt.

1 av 3 seier at dei har blitt utsett for seksuell trakassering ein eller fleire gonger.

Det kjem fram i ei ny landsrepresentativ undersøking blant personar over 18 år gjennomført av YouGov på oppdrag av Nettavisen og Amedia. Undersøkinga blei gjennomført blant 2019 personar.

Det betyr at over 1,3 millionar nordmenn over 18 år rapporterer å ha blitt utsett for seksuell trakassering.

Det er kvinner som opplever mest seksuell trakassering. Blant kvinnene var det 44 prosent som sa at dei aldri var utsett for det, mens 75 prosent av mennene fortalde det same.

Her kan du søke hjelp

Har du blitt utsett for seksuell trakassering eller overgrep? Desse kan du kontakte:

  • Legevakt: 116117,
  • Redd Barna/Fellesskap mot seksuelle overgrep: 800 57 00
  • Politiet (ved alvorlege hendingar): 02800 (sentralbord), 112 (naudtelefonen).
  • Overgrepsmottaket Tlf: 57 83 23 00

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken