Gratulerer med dagen på søndag. I desse dagar foregår ei heilt spesiell rettssak i USA. Om lag 100 kvinner har komme med skulding mot mediekjendis og filmregissør Harvey Weinstein. No sit den tilårskomne mannen med rullator og handjern på tiltalebenken. Skuldingane går på sextrakassering, neddoping og valdtekt gjennom ei årrekke.

Rettssaka er ikkje avslutta, men den blir rekna som ein milepåle i kampen for kvinners rettar, og som eit endeleg teikn på at metoo har hatt viktige og målbare konsekvensar. Spennande kva dommen blir.

Samtidig i Norge: To av AP sine mest profilerte kvinnelege politikarar forlèt partiet på grunn av indre strid, blant anna som følge av Giske-saka. Kva seier det om metoo i Norge, verdas mest likestilte land?

Mange syns nok at Giske kom rimeleg kjapt tilbake i posisjon, og debatten var lenge intens. Så intens at to damer denne veka har gitt ut bok med tittelen «Giskesaken – og hvordan vi får metoo tilbake på sporet». Det er Anja Sletteland og Kristin Skare som har skrive boka, og dei har tatt for seg alle dei 519 artiklane som blei skrivne då det sto på som verst. Det er vel ikkje for ingenting at historia også blir kalla «Game of Trond». Men kan vi snakke om før og etter metoo? Eg håper vi kan svare ja.

Det starta som vi veit som eit spontant kvinneopprør på sosiale medium i USA. Skuldingane var retta mot mektige menn som tok seg til rette med sextrakassering og overgrep ovanfor yngre kvinner. På ganske kort tid utvikla det seg til ein bevegelse med ei rekkevidd og sprengkraft som få eller ingen hadde sett føre seg.

Tausheitskulturen blei broten og skamma blei plassert der den høyrer heime – nemleg hos dei som tok seg til rette og misbrukte posisjon og utnytta kvinner som av frykt for å miste jobben eller andre sanksjonar var «med på leiken». No torde dei å stå fram og fortelje, og det var dette som utløyste flodbølga. I Noreg fekk vi Hemsedalssaka som førte til demonstrasjonar i fleire byar. Det utrulege hende, nemleg at den unge Andrea Voldum valde å stå fram og slå tilbake i full offentlegheit og namngje dei tre mennene som dopa og misbrukte henne seksuelt.

Metoo-kampanjen ser ut til å ha blitt vår tids kvinnekamp. Arbeidsplassar, politiske parti og ulike organisasjonar har drive med heilt andre ting enn det dei eigentleg skulle når varslarane på rekke og rad vågar å stå fram og seie frå. Vi kan berre ane kor vanskeleg det må vere når mektige menn står for fall. Dette skjer i Norge som skulle vere best i klassa på likestilling. Og det er ikkje mannlege immigrantar frå valdelege, kvinneundertrykkande kulturar vi høyrer om her. Sjølv om dei aller fleste menn er respektfulle og gode partnarar, fedrar, kollegaer og vener, snakkar vi her om etnisk norske menn.

Kor går vegen vidare? Metoo-kampanjen har dei siste par åra løfta fram og synleggjort omfanget av seksuell trakassering og overgrep i samfunnet. Vi kan berre ane kva mot og styrke som skulle til for å stå fram. Det er desse kvinnene som fekk snøballen til å rulle, og som vi kan takke.

Mange av metoo-sakene dreier seg om høgprofilerte og offentlege personar, og det gjer sakene ekstra spektakulære og desto vanskelege å varsle. Og vi ser at det boblar under overflata; fleire varslarar frå stadig nye miljø står fram

Førebygging må gjerast på mange frontar. Det må drivast haldningsskapande arbeid og givast opplæring i grensesetting og respekt for grenser i barnehage og skule. Alle som arbeider med barn, ungdom, helse og rettssystem må få opplæring i dette.

Vi må klare å handtere tilfelle av seksuell trakassering når det først har skjedd. To tiltak er viktige her. For det første må vi få på plass eit kommunalt lågterskeltilbod som kan behandle sakene. For det andre bør dei som er ramma komme inn under fri rettshjelpsordninga. Det vil bety at personar som har varsla kan oppsøke ein advokat, og denne kan hjelpe på statens rekning.

Som nemnt er det utruleg sårbart å melde frå om seksuell trakassering, og metoo har ikkje minst illustrert kor ofte varslaren ikkje blir tatt på alvor. Med ei advokat i ryggen vil det vere mykje vanskelegare for leiarar på arbeidsplassen å skubbe det heile under teppet.

Metoo er eit opprør vi kjem til å hugse, vi kjem til å kunne snakke om før og etter metoo. Eit taushetsbelagt samfunnsproblem er blitt løfta fram av modige kvinner. Dei fortener all ære.