Meteorologen: – Vent med sommardekka

SUNNFJORD-VÊR: Slik ser vêrkartet ut for onsdag 25.mars. For den som skulle vere i tvil: Det blå er nedbør. Mot helga vil det bli gradvis kaldare, men også skiftande byevêr.

SUNNFJORD-VÊR: Slik ser vêrkartet ut for onsdag 25.mars. For den som skulle vere i tvil: Det blå er nedbør. Mot helga vil det bli gradvis kaldare, men også skiftande byevêr. Foto:

Det blir kaldare igjen til helga.

DEL

Onsdag var det mykje regn over heile Vestlandet, og Sunnfjord var ikkje noko unntak.

– Det er ganske varmt i dag. I Lærdal har dei hatt over 14 grader i natt, seier statsmeteorolog Magni Svanevik.

Grunnen er ein fønvind-effekt med austavind. Det er sjølvsagt lokale forskjellar i Fjordane og Sogn. På kysten har det vore kraftig vind, nesten orkan i middelvind på Kråkenes fyr.

Kaldare mot helga

– Fredag vil det halde fram med sørvest og byevêr. Det blir regn, men ikkje like kraftig vind. Det blir litt lågare temperaturar og snøgrensa vil falle ned til om lag 600 meter, seier meteorologen.

– Det blir gradvis kjøligare mot helga. Laurdag får vi litt anna vêr, med nordavind. Då er det moglegheit for snøbyer i Nordfjord. Sunnfjord ligg litt i grenseland, men det kan komme bygevêr her også. Dersom vinden vert nordleg nok, kan det bli ganske fint i Sunnfjord, men kaldt. I Sunnfjord vil det vere rundt null på dagtid på laurdag, og kaldare om natta, seier Svanevik.

Må vere obs viss du skal på fjelltur

– Betyr dette at folk kanskje må vente med å ta av vinterdekka?

– Absolutt. Sjølv om det omtrent har vore sommartemperaturar i natt. Men, det er vanskeleg å seie fordi det er så lite som skal til. Det kan vere vanskeleg å fange opp dette byevêret.

– Sunnfjord kan vere heldige og ikkje få så mykje av det, men dei må vere budde på litt byer. Samstundes kan dei få periodar med sol. Det er veldig skiftande. Dette må folk vere obs på viss dei skal ut på fjellturar.

Artikkeltags