Meteorologen: – Truleg snø både tysdag og onsdag

VÅR 2020: Søndag tok det til å snø i Førde. Sunnfjordingane vakna dermed opp til dette synet 11. mai.

VÅR 2020: Søndag tok det til å snø i Førde. Sunnfjordingane vakna dermed opp til dette synet 11. mai. Foto:

Låg det snø på plenen då du stod opp? Det vil skje igjen denne veka.

DEL

– Ja, eg er ganske sikker på at det vil skje både tysdag og onsdag, seier meteorolog Anne Solveig Andersen hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Det er uvanleg kaldt for mai å vere. Årsaka til det er polarluft som breier seg over stort sett heile Skandinavia. Fram til torsdag vil det halde fram med byevêr og nordavind, fortel meteorologen.

– Det blir ganske kjølig med temperaturar rundt 0 grader i indre strok, så nedbøren som kjem dei neste dagane vil vere kvit. Vi har ute farevarsel no der prognosane viser at det kan kome mellom 10 og 20 cm, seier Andersen.

– Akkurat no er det ein kamp mellom sommar og vinter. Våren kan vere skiftande, slik er det berre, legg ho til.

Om du bur heilt ytst på kysten, vil nedbøren i hovudsak kome som sludd.

Meteorologen vil ikkje seie noko om 17. mai-vêret enno, men seier at prognosane viser mildare vêr frå torsdag av.

Artikkeltags