Gå til sidens hovedinnhold

Meteorologen: – Oppjusterer farevarsel til raudt for snøskred og oransje for jordskred

Artikkelen er over 1 år gammel

Meteorologen anbefaler folk å sjekke vêrvarselet før ein legg ut på tur.

– Vi har oppjustert farevarselet for jord-, sørpe- og flaumskred til oransje for Sogn og Fjordane. Det er det nest høgste varslingsnivået vårt.

Det fortel Tone Christin Thaule, som er vakthavande meteorolog for Vervarslinga på Vestlandet. Eit lågtrykk passerer søndag og natt til måndag nord for Vestlandet. Det betyr mykje regn og mange farevarsel.

70 til 110 millimeter regn

– Det er meldt om stiv til sterk kuling frå sør og sørvestleg retning i heile fylket. Vi har sendt ut eit gult farevarsel for regn, og alt etter kor du held til kan det kome 70 til 110 millimeter nedbør fordelt over dei neste 24 timane. Det er ikkje venta noko styrtregn, men at det kjem mykje jamt over det neste døgnet.

I Indre Fjordane er det sendt ut raudt farevarsel for snøskred.

– Forhåpentlegvis er det ingen som finn ut at dei skal reise ut på fjelltur i dette vêret, seier Thaule.

Dessutan er det sendt ut gult farevarsel for flaum i heile fylket.

– Det er venta ganske milde temperaturar i fylket i dag. Mange plassar vil det ligge mellom åtte og tolv grader. Det fører til mykje snøsmelting, som aukar faren for skred. Vi oppfordrar folk til å sjekke vêrmeldinga før dei legg ut på lengre køyreturar, og passe på at alle avløp og sluk er opne. Dessutan er det stor fare for vassplaning, så bilistar må avpasse farten.

Stiv kuling på nyttårsaftan

Vêret skal halde fram med same intensitet til måndag morgon. Då skal det verste spakne.

– I morgon ettermiddag blir det stiv kuling frå vest, og etter kvart nordvestleg retning. Regnet vil spakne noko.

Det skal halde fram å regne dei neste dagane, og på nyttårsaftan skal det blåse opp utover kvelden.

– Det vil blåse opp frå sørvestleg retning utover kvelden, med liten til stiv kuling. Vinden vil vere sterkast natt til onsdag. Elles kjem regnbyene til å kome tett gjennom heile dagen.

Kommentarer til denne saken