Meteorologen om 17. mai: – Fem grader og regn

SOL OG VARMT: Frida Rønnestad Sviggum turna i Tufteparken i Høyanger på 17. mai i fjor. Årets nasjonaldag blir kald og våt.

SOL OG VARMT: Frida Rønnestad Sviggum turna i Tufteparken i Høyanger på 17. mai i fjor. Årets nasjonaldag blir kald og våt. Foto:

I fjor sveitta folk i bunaden. I år er det kanskje ikkje så dumt å vurdere stillongs i staden for strømpebukse på nasjonaldagen.

DEL

– Det er ganske kaldt om dagen og det ser ikkje ut til å gje seg med det første.

Det seier meteorolog Lars Andreas Selberg hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Ifølgje han er torsdag siste sjanse for å sjå sola denne veka. Det varselet gjeld stort sett for heile Sogn og Fjordane.

– Det skal lette opp og det er store moglegheiter for sol. Så mot kvelden er det venta inn eit lågtrykk som vil føre til at vinden kjem til å auke til stiv kuling ved Stad.

Fredag karakteriserer han som «heilt ok». Det blir skya og nedbør, men periodar med opplett. Nedbøren vil vere kvit i indre strok, men i hovudsak i Nordfjord.

– På kvelden kjem eit lågtrykk som dreg med seg ganske så mykje kald luft igjen. Natt til laurdag vil det difor snø dei fleste plassar, også på kysten. Snøen vil halde fram til langt ut på laurdagen i indre strok, fortel Selberg.

Ei god og ei dårleg nyheit

– Kva med 17. mai?

– Ganske grå og kjølig også. Onsdag viste prognosane at det kunne snu, men no ligg det an til maks fem grader i t.d. Førde og rett over null i indre strok. Kor mykje det kjem til å regne torer eg ikkje å seie, men per no er det størst sjanse for mykje nedbør tidleg på dagen.

– Ikkje akkurat det vi ønskjer oss på nasjonaldagen …

– He, he. Nei, men sånn er livet dessverre.

– Men det er eit lyspunkt: Prognosane viser at det skal bygge seg opp eit høgtrykk neste veke som langt på veg vil gje ein varmare vêrtype. Frå måndag av skal temperaturane gå opp for kvar dag. Det ser veldig lovande ut og eg trur at vi kan nå 15 grader dei fleste plassar ut i veka, seier meteorologen.

Så varm var nasjonaldagen i fjor:

Stad Temperatur
Førde 21,8 grader
Askvoll 23 grader
Dale 23 grader
Høyanger 17 grader
Hyllestad 21,3 grader
Sandane 22,9 grader

Artikkeltags