Meteorologen: – Frå torsdag blir det fint vêr for alltid!

HO ER TILBAKE: Byen i Sunnfjord kan vente seg temperaturar opp mot 11 grader på det varmaste neste veke, ifølgje yr.no. Bildet er frå Jølster.

HO ER TILBAKE: Byen i Sunnfjord kan vente seg temperaturar opp mot 11 grader på det varmaste neste veke, ifølgje yr.no. Bildet er frå Jølster. Foto:

I alle fall til og med neste torsdag. Men først må vi komme oss igjennom to og ein halv gråvêrsdag.

DEL

– Tysdag og onsdag passerer ein nedbørsfront. Nokre vakna kanskje opp til snø i dag, men temperaturane skal stige. Då stig også snøgrensa. Det er venta lågt skydekke, regn og yr dei komande dagane.

Det seier vakthavande meteorolog Lars Andreas Selberg hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Men så skjer det noko.

– Torsdag morgon kan det henge igjen litt sludd og snø, men så vil det lette opp. Då vil det bli fint vêr for alltid! seier Selberg og ler.

– Det er i alle fall veldig sannsynleg at det blir strålande flott vårvêr til og med torsdag neste veke, legg han til.

I helga er det venta ganske kjølige temperaturar og nattefrost, men neste veke vil gradestokken krype eit godt stykke over 10-talet.

– Nokre av prognosane har vist rundt 15 grader i Bergen, og eg trur nok at i lokale i fjordstrøk vil ein kunne få same temperaturane. Det vil bli vårleg og fint, seier Selberg.

Men ver obs: høgre temperaturar betyr også snøskredfare. Hald deg oppdatert på varsom.no.

Langtidsvarselet for Sandane er god lesing.

Langtidsvarselet for Sandane er god lesing. Foto:

Hyllestadingane kan vente seg sol og vår frå torsdag.

Hyllestadingane kan vente seg sol og vår frå torsdag. Foto:

Artikkeltags