Meteorolog: – Ikkje reis ut i småbåt eller gå i fjellet. Det blir kraftige vindkast

FAREVARSEL: Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for vind på Vestlandet. Vinden aukar på utover dagen i dag, men vil avta i kveld og i natt.

FAREVARSEL: Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for vind på Vestlandet. Vinden aukar på utover dagen i dag, men vil avta i kveld og i natt. Foto:

Meteorologisk institutt går ut med farvarsel for kraftig vind på Vestlandet.

DEL

– Det kan bli ganske heftig, spesielt inst i fjordane, seier meteorolog Magnus Haukeland ved Meteorologisk institutt i Bergen.

Det er varsla vindkast opp til 28 meter i sekundet.

– Terskelen for å sende ut farevarsel er litt lågare i mai enn om det hadde vore på hausten eller vinteren. Folk har mykje meir ting ståande ute no, og det er fleire som er på fjellet og på sjøen, seier Haukeland.

Varme, vind og regn

– Det er relativt gode temperaturar ute no. Og det er begynt å blåse opp. Det er sørvestleg vind, og den har gjerne ein føneffekt. Men den dreg også med seg regn, og det vil vi få merke utover dagen, seier Haukeland.

Han seier at vinden vil auke i styrke utover dagen, før den vil løye ut på kvelden og natta.

– Det vil bli sterkast vind på fjellet og inne i fjordane der sørvestlege vindar tek hardt. På kysten vil ein merke litt vind, men vil ikkje få dei kraftige vindkasta som er venta lenger inne i fjordane, seier Haukeland.

– Korleis blir det i Førde?

– De vil nok merke vinden godt der. Men det blir ikkje så heftig som lenger inne, til dømes i Lærdalsområdet, seier Haukeland.

Han ber dei som bur i område der dei veit at sørvestleg vind blir kraftig om å vere særleg merksame. Og åtvarar folk som oppheld seg i fjellet. Der kan det bli heftig.

Varierande framover

– Korleis blir det dei kommande dagane?

– Laurdag vil vi få periodar med bra vêr midt på dagen. Men det blir ikkje så varmt som i dag, temperaturane vil ligge rundt 12–13 grader, seier Haukeland.

Søndag ser traisg ut.

– Då vil vi få fallande temperaturar. Rundt 8–9 grader i Førde. Og det vil regne heile dagen. Kanskje lettar det litt ut på kvelden, seier han.

– Siste veka har vi hatt snev av både vinter, vår og sommar. I dag kjem hausten. Kva kan vi vente oss neste veke?

– Ja, det kan du seie. Det ser ut som det blir litt lettare vêr måndag, men at regnet vil sige på igjen tysdag. Men det er vekslande vêr, og ting kan endre seg, seier Haukeland


Artikkeltags