Meteorolog: – Eg blir ikkje overraska om det kjem snø i låglandet også

SNØ: Meteorolog Steinar Skare ser ikkje bort i frå at vi får eit nytt møte med snøen.

SNØ: Meteorolog Steinar Skare ser ikkje bort i frå at vi får eit nytt møte med snøen. Foto:

«Kom mai, du skjønne milde» er ikkje stikkorda for den første veka i mai.

DEL

– Det blir ei veldig kjølig helg.

Det seier Steinar Skare, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet. Han fortel at sunnfjordingane kan forvente nedbør, vind og låge temperaturar heile denne veka.

– Onsdag vil det vere ein vestleg frisk bris, og ein del skya vêr. Det vil vere nedbør på 600–800 meter over havet, og det kan godt komme i form av snø. På torsdag vil vêret vere ganske likt, men det blir meir regn. Først vil det komme i ytre strøk og etter kvart i indre strok også, seier Skare.

Null grader

Vêret på fredag er ganske likt som torsdag, med regn og frisk bris. Ut over helga vil vinden ta seg opp.

– Då vil det komme ein ganske kald vind frå nordvest, og den kan komme opp i kuling, seier meteorologen.

Skare fortel at temperaturane vil ligge på rundt sju til ti grader, men om natta kan dei bli så låge som ned til null grader.

– Luftstraumen kjem frå Spitsbergen, og der er det mykje kald luft å ta frå, seier han.

Moglegheit for snø

Trass ein kald start på månaden, er ikkje temperaturen uvanleg.

– Det er slik som skjer. Det er heller meir sjeldan at vi får ein så varm april som vi hadde, seier han.

På grunn av dei låge temperaturane ser heller ikkje Skare bort ifrå at det kan komme snø.

– Snøgrensa er på 600–800 moh., men eg blir ikkje overraska om det legg seg i låglandet også, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken