I vår er «eldre» hamna i gruppa: «risiko». Tanken er god, besteforeldregenerasjonen og andre som i alder kan falle inn under nemninga skal vernast mot koronaviruset.

Vi er ei massiv folkegruppe, grovt rekna ein tredel av det norske folk. Mange har skrantande helse, diagnosar som krev spesialhjelp frå helsetenesta og sjukeheimsplass. Heldigvis er dei fleste av oss oppegåande og sjølvhjelpte enn så lenge. Mange av oss er framleis i jobb og utgjer ein stor del av det frivillige hjelpeapparatet.

Om ein ferdast på dei mange kjøpesenter, ser ein til tider sterke innslag av kundar +/- 75 år. Mange har handlevognene fulle, og ein del har barnebarn med som «assistentar». Det er tydeleg at eldre-gruppa er ein vesentleg del av kundegrunnlaget til mange utsal/forretningar.

No står Trygdeoppgjeret for døra, ein del forseinka slik resten av lønsoppgjera. Melodien er «moderate oppgjer, ned mot nulloppgjer, berre kompensasjon for prisstigninga». Det er prisverdig at yrkesgruppene tek dette sosiale medansvar i ei vanskeleg tid.

Pensjonistane har i åra frå 2011 vore fråtekne forhandlingsretten ved Trygdeoppgjeret. Stortinget har fastsett at pensjonistane skal ha eit frådrag på 0,75 %. Dette kan i år innebere at pensjonistane får redusert pensjonsutbetaling, m.a.o. redusert kjøpekraft.

Mange av oss «eldre» har sakka akterut også i ein del sosiale samanhengar.

Vi kan ikkje gå på buss, tog eller fly utan å kjøpe billett på nettet.

Eg er så heldig at Kringom køyrer rett forbi døra mi, og der kan eg framleis betale billetten med pengar/kort. Men skal eg ein tur til Oslo, Bergen eller Hamar (der eg har barnebarn og nær familie), blir det meir innfløkt.

«Kjøp deg ein moderne mobil» er rådet eg får. Lær deg å følgje med i tida.

Men den gamle Doro'en har tent meg trufast som telefon og meldingsformidlar. I tillegg er eg spart for alle lenker som ein vert oppmoda om å trykke på, den moderne lett-lurt-metoden som mange meir progressive eldre har blitt utsette for.

Kan eit politisk parti ta opp tilrettelegging av dagleg liv og trivsel for oss som framleis heng etter i det digitale verdsbildet?

Kan vi få den kjøpekrafta som andre yrkesgrupper får og som kan sirkulere tilbake i samfunnsmaskineriet og sikre ein del arbeidsplassar?

Eg ventar og vonar …