Gå til sidens hovedinnhold

Mellom Førde og Vadheim kan det bli ventetid den neste veka

Fram til og med vesle juleaftan risikerer du å måtte vente ti minutt mellom Førde og Vadheim.

Grunnen er vegarbeid og rassikring mellom Langeland og Ytredal.

Arbeidet starta opp onsdag morgon klokka 07 på Langeland.

Fram til jul

– Du blir ikkje ståande så lenge, men risikerer ti minuttar ventetid, seier Nina Heggernes, trafikkoperatør i Statens vegvesen til Firda.

Arbeidet føregår måndag til fredag, frå klokka 07.00 til 18.00, og skal vere avslutta i løpet av 23. desember.

Isnett og asfaltering

Vegvesenet skal montere isnett langs delar av strekninga.

I tillegg skal det asfalterast enkelte stader.

– Asfalteringa er i samband med rasa som gjekk tidlegare i år, seier Heggernes.

Les også

Dagen etter det første, kom eit nytt og større ras. Vegvesenet: – Vurderte at det ikkje var noko fare

Les også

– Raset gjekk på same stad som i går

Les også

– Raset dekkar nesten heile vegbana

Kommentarer til denne saken