Meldt om brann i dumpar

I sjutida laurdag morgon rykte politi og brannvesen ut til meldingar om brann i ein dumpar.

DEL

– Dumparen står inne på eit anleggsområde. Det skal ikkje vere fare for spreiing til andre bygg, andre gjenstandar, eller terreng, skriv politiet.

Både politi og brann har rykt ut til eit anleggsområdet på Nessane i Høyanger. Det kom då både flammar og røyk frå dumparen.

– Vi er på staden og brannen er sløkt, men det kjem framleis røyk frå dumparen. Det var aldri fare for spreiing, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt klokka halv åtte.

Han opplyser at ingen er skadde i brannen.

Det no vil bli gjort førsøk på å finne ut kven som eig dumparen og det vil bli oppretta sak.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken