Hårreisande aktuelt

Idun Losnegård og Stian Isaksen under framsyninga.

Idun Losnegård og Stian Isaksen under framsyninga. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

MELDING: «Invasjon!» krev litt av deg som publikum, men når bodskapen når deg får du frysningar på ryggen.

DEL

Stykket «Invasjon!» hadde fredag prøveframsyning i Førdehuset. Stykket er eigentleg over ti år gammalt, men har fått ny form i Sogn og Fjordane teater si oppsetting. Laurdag er premieren.

Med at stykket krev av deg som publikum, meiner eg at du ikkje sett deg ned, lener deg tilbake og får servert latter, tårer eller andre hormonutløysingar sånn utan vidare.

Etter kvart skjønnar du det

Heilt frå byrjinga blir det tydeleg at litt nøsting og resonnering frå deg som publikummar er nødvendig for å skjønne kva som skjer. Opningscena vil eg ikkje røpe noko frå, anna enn at den fekk meg til å sende eit stygt blikk på meg sjølv.

Gangen i teaterstykket kan vere vanskeleg å følge, i alle fall til å begynne med. Ein følger tilsynelatande ikkje ein gjeng karakterar gjennom ei historie. I staden får vi servert ulike brotstykke, der ein vagt forstår at det er ein samanheng. Denne blir sterkare etter kvart, og mot slutten av stykket vil ein kvar merksam publikummar skjønne bodskapen.

Å seie for mykje om bodskapen vil øydelegge heile opplevinga, men tre sentrale ord er mediekritikk, språkbruk og framandfientlegheit.

Abulkasem!

Abulkasem! Det er eit ord som går igjen som eit ekko gjennom heile stykket. Men kva betyr det? Det er noko du kjem til å lure på gjennom store delar av framsyninga. I ei av dei første scenene får vi høyre om korleis ordet Abulkasem blei eit internt slangord på ein ungdomsskule. Men det skifta stadig meining. Ei veke var det eit skjellsord. Neste veke var det eit verb, kan du slutte å abulkaseme meg?

Seinare blir ordet brukt av det som ser ut som amerikanske etterretningsmenn, som namnet på ein ettersøkt terrorist. Eller er Abulkasem ein kvinneleg teaterregissør? Ut i stykket gløymer eg korleis namnet Abulkasem først blei introdusert i teaterstykket. Kven planta dette ordet i hovudet mitt?

Mediekritikk står som sagt sentralt i stykket. Media definerer ord, plantar ubevisst idear i hovuda på folk og styrer samfunnsdebatten. Då ei velkjent Sunnmørsdialekt dukka opp – hint: Frp – sette det eit endeleg bevis for kor tidsaktuelt stykket er 11 år etter at det eigentleg blei skrive.

Humor i det alvorlege

Skodespelarprestasjonane fungerte, utan at eg følte det spruta stjerner og galaksar på noko tidspunkt. Eg vil trekke fram at eg trudde på Thomas Bipin Olsen, han leverte noko genuint. Den yngste skodespelaren, Reidun Melvær Berge, bekrefta nok ein gong at ho har ei lysande teaterframtid.

Kulissane var enkle: ein stor vegg fylt av teikningar. Desse er teikna av bebuarar på Bergum asylmottak i Førde. Eg var på førehand kjent med bakgrunnen for teikningane. Publikummarar som ikkje veit om dette, kan kanskje ha litt problem med å skjønne kvifor teikningane er der. Men i eit stykke der skodespelarane sjølv klarer å male omgivnadane, er ikkje kulissane alfa omega.

Les også: Ein vegg full av fordommar, håp og lengsel

Trass i at stykket må seiast å vere blodalvorleg i sin kjerne, var det strødd mykje humor utover scenene. Humoren var tidsaktuell og ganske ungdomsvennleg, men eg lo aldri høgt.

Sjå det, men...

Alt i alt var «Invasjon!» eit perfekt tima teaterstykke på tampen av ein valkamp der språkbruk, framandfrykt og media si rolle var repeterande tema. Teaterstykket fekk meg til å tenke, både undervegs og etter at sceneteppet var gått ned. Det fekk meg til å føle, men ikkje berre behagelege kjensler.

Eg anbefaler «Invasjon!», men ikkje som eit teaterstykke der du tar med familien og set deg ned for ein rask fiks med lett underhaldning. Gå på stykket med vakne auge og eit søkande sinn. Du kjem garantert ut som ein klokare person.

Artikkeltags