Melding om slagsmål viste seg å vere ein mann som hadde falle

Politiet måtte rykke ut til ein utestad i Florø natt til søndag, men oppdraget viste seg å vere noko anna enn det som vart meldt.

DEL


Natt til søndag fekk politiet melding om eit slagsmål ved ein utestad i Florø sentrum.

– Ein patrulje vart sendt til staden, men når dei kom fram viste det heile å vere ei misforståing, seier oppdragsleiar, Beate Træen i Vest politidistrikt til Firda.

Vedkomande fortalde at han hadde falle, og det hadde ikkje vore noko slagsmål. Det heile gjekk udramatisk for seg, forklarar ho.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken