Gå til sidens hovedinnhold

Melding om naudrakett i Stryn

Synte seg å vere skoten opp ulovleg på festival.

Hovudredningssentralen i Sør Norge melder laurdag om at det er observert ein naudrakett i området mellom Stryn og Oppstrynsvatnet.

Dei melder at dei skal undersøke, men ber om tips eller informasjon om nokon har sett noko.

Seinare vart det stadfesta at naudraketten er skoten opp ulovleg av deltakarar på Gummibåtfestivalen i Stryn.

HRS avsluttar difor sine tiltak, men oppskytinga vil bli fulgt opp av lokalt politi.

Les også

Skaut opp naudrakett ulovleg på festival – no jaktar politiet den skuldige

Kommentarer til denne saken