Gå til sidens hovedinnhold

Melding om mykje røyk frå einebustad i Sogn

Naudetatane rykker ut etter melding om mogleg brann i Leikanger.

Klokka 20:06 fekk Vest politidistrikt melding om ein mogleg brann i ein einebustad i Leikanger i Sogndal kommune.

Det skal ha blitt observert mykje røyk, men ikkje flammar.

Klokka 20:26 opplyser operasjonsleiar Knut-Dahl Michelsen ved Vest politidistrikt at brannvesenet er framme på staden. Meldar varsla om mykje røyk i stove inne i huset.

Det er ingen personar i huset, men brannvesenet forsøker no å få kontakt med huseigar.

– Brannvesenet har ikkje observert røyk eller brann, men det luktar svidd på staden, seier Michelsen.

Kommentarer til denne saken