Like over klokka 16 fredag ettermiddag melde operasjonssentralen i Vest politidistrikt om brann i ein bygning i Høyanger. Bygget var opplyst å ha fleire bueiningar, og var meldt å brenne i ein av etasjane.

Naudetatane rykte ut til staden.

Brannen var varsla av folk på staden, men det var uavklart om det var folk der det brann. Brannmannskap var på dette tidpunktet meldt å vere framme på staden for å starte sløkking.

Kort tid etter denne meldinga kom operasjonssentralen med ei ny melding.

Brannmannskapet hadde då meldt frå staden at dei ikkje fann noko brann. Dei undersøkte då staden vidare og prøvde å komme i kontakt med meldar.

Vaktkommandør Stian Kvam ved 110 Vest kan seinare opplyse til Firda at dette synte seg å vere ein falsk alarm.

– Brannmannskapet har vore på rett adresse, og det er ingen brann. Situasjonen der difor heilt avklart, seier Kvam.

Ein har også fått stadfesta dette frå innringar.

– Her får ein jo ein stor utrykking. Kor ofte opplever de dette?

– Det førekjem jo til tider at folk melder inn brannar som ikkje er reelle. Det er ikkje uvanleg her hos oss på 110 Vest, seier Kvam.

Har du bilde eller tips frå staden? Tips oss gjerne på [email protected], eller ring 57833333.