110 Vest melde måndag kveld om at dei måtte «kontrollere ein vedovn som oppfører seg utilsiktet» i Stryn.
Vaktkommandør Jostein Steinsland Hauge fortel at det spesifikt var snakk om ein innringar som fortalde av det slo gneistar og kom mykje røyk ut frå ein skøyt i omnsrøyret hans.
Brannmannskap vart sendt til staden for å kontrollere.
– Røyret har ikkje vore heilt tett, og ein må få fagfolk til å sjå på det i ettertid, seier Steinsland Hauge.
Brannmannskapet er no ferdige på staden.
– Det har vore ein del røyk i bustaden, men hendinga hadde heldigvis ikkje andre konsekvensar, seier vaktkommandøren.