Klokka 17.44 laurdag melde Vest politidistrikt at alle naudetatane hadde rykt ut etter melding om brann i køyretøy på E39 i Førde.

Bilen stod i ei busslomme og førar kom seg ut av køyretøyet uskadd.

E39 var mellombels stengd som følgje av brannen, men ifølgje 110-sentralen går trafikken no forbi staden.

– Klokka 17.32 fekk vi melding frå ein bilist om at det brann i eit bagasjerom på ein bil som stod i ei busslomme. Folk på staden klarte å sløkke brannen før brannvesenet kom fram, fortel vaktkommandør Lars Petter Lorvik hos 110-sentralen Vest.