Melby lovar avklaring om eksamen

DU FÅR VITNEMÅL: Alle elevane i ungdomsskulen og vidaregåande vil få vitnemål sjølv om eksamen ikkje skulle bli gjennomført.

DU FÅR VITNEMÅL: Alle elevane i ungdomsskulen og vidaregåande vil få vitnemål sjølv om eksamen ikkje skulle bli gjennomført. Foto:

Av

Mange ungdommar lurer på korleis det blir med eksamen når skulane er stengde. Kunnskapsminister Guri Melby (V) lovar ei avklaring ein av dei nærmaste dagane.

DEL

– Eg tek sikte på at vi tek ei avgjerd om eksamen for ungdomsskulen og vidaregåande skule denne veka. Og så må vi koma tilbake til ein del andre grupper, til dømes privatistar, for der vil konsekvensane bli mykje større, seier Melby til NRK.

Sjølv om det førebels er usikkert om det blir eksamen, forsikrar kunnskapsministeren at elevar i ungdomsskulen og på vidaregåande skular uansett vil få vitnemål. Dersom det ikkje blir eksamen, er det enno ikkje teke stilling til om det er karakteren frå jul som skal gjelda, eller om det skal setjast ny karakter i vår.

Artikkeltags