Gå til sidens hovedinnhold

Meir enn Laksen står på spel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Spørsmålet om Laksen skal få eksistere eller fotballen sitt førsteval prioriterast, har sett følelsar i sving. Valet som politikarane tek vil bety mykje for området og alle menneska som brukar det. I diskusjonane så langt sit eg att med at kvalitetane som Laksen uttrykker og skaper ved Jølstra blir neglisjerte og oppfatta som uvesentlege, samanlikna med verdien av breiddefotball. Å velje fotballen, vert framstilt som funksjonelt, framtidsretta og helsefremmande. Som om løysinga med å la Laksen vere der ikkje skulle vere det! Laksen sin funksjon og betydning ser altså ut til å bli fullstendig neglisjert, eller forveksla med romantikk, nostalgi og manglande utvikling. Det er unyansert å lage dette til ein diskusjon om kunst eller fotball, fortid eller framtid.

Laksen fungerer langt utover å vere kunst. Samspelet mellom skulpturen, omgjevnadane rundt og bruken av den skapar ein stad der det er godt å vere. Han er taktfullt og godt plassert, og knyter saman grøne område langs elva, gangbrua over Jølstra, Utstillingsplassen, Klatreparken og resten av parkarealet mot gangbrua og Sparebanken. Skulpturen, området rundt og menneska som oppheld seg der, gjer at Laksen kan forståast som ein stad. Han fungerer som eit anker for dette lett tilgjengelege grøne området som alle kan bruke. Området har blitt ein levande stad, brukt heile året. Ein stad å bevege seg gjennom til fots eller på sykkel, ei transportetappe, eit framkommeleg turområde med barnevogn, eit sentrumsnært friområde for alle.

Det trengst ingen kjennskap til kunst eller historia til Førde for å oppleve Laksen. Han er ikkje eit kunstverk som let seg betrakte frå ståande stilling. Vi må bevege oss for å sjå han, og han er lett å ta på. Laksen stimulerer heile sanseapparatet. Spesielt barn klatrar, balanserer og utforskar gjerne hovudet og halen ekstra nøye, klyv opp, og sit litt på ryggen. Han vil vere litt annleis kvar gong. Tildekt av snø eller glasert av underkjølt regn, vanleg våt og mørk eller tørr, lysegrå og litt mosegrodd her og der. For små kroppar er han eit lite fjell som dei lett kan klatre til topps. Når vi veks ut, kjennest han gjerne mindre, og kanskje derfor mindre interessant å klyve opp på? Poenget er at Laksen finst, fungerer og forandrar seg i og med menneska, miljøet rundt og bruken av han.

Skulpturen inviterer til bevegelse og er ein vegg i eit grønt byrom som inkluderer alle. Han er laga med respekt for omgjevnadane og ønske om at vi skal delta, ikkje berre vere tilskodarar. Laksen er nær oss, men ikkje på ein storslagen måte. Heller eit stillferdig uttrykk for natur og kultur som to sider av same sak. Laksen er bestemt av staden, og kan derfor ikkje flyttast. Laksen viser det nære på ein handgripeleg og konkret måte. Han gir meining der han ligg. Laksen kan ikkje finnast annan stad. Det er fullt mogleg å strene forbi på alle kantar, utan å skjenke Laksen eit blikk eller ein tanke. Men om vi tek han bort, forsvinn langt meir enn Laksen.

Les også

Vi må gjere noko, sa folk. No arrangerer Hans Jakob demonstrasjon for Laksen

Les også

Val av brualternativ handlar om meir enn valet mellom 7-ar og 9-ar bane

Les også

Laks eller idrett?

Les også

Laksen som landskapskunst og del av flaumsikring

Les også

Fekk 1712 underskrifter frå Framtidsførde . – Det markerer slutten på aksjonen

Kommentarer til denne saken