«The best fylke ever»

AP-årsmøte: Frå venstre Åshild Kjelsnes, Kristin Maurstad, Ingrid Heggø, Hilmar Høl, hovudgjest Trond Giske og Sonja Edvardsen.

AP-årsmøte: Frå venstre Åshild Kjelsnes, Kristin Maurstad, Ingrid Heggø, Hilmar Høl, hovudgjest Trond Giske og Sonja Edvardsen. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

... og nær 120 Ap-delegatar applauderer som fjortisar på Melodi Grand Prix-show.

DEL

KOMMENTAR av
Helge Johnsen, politisk journalist

I 363 av årets dagar hissar sogningar og fjordingar kvarandre opp om korleis vegstandarden hemmar utviklinga og busetnaden i fylket. Så kjem ein heilproff og talefør minister på to dagars besøk og snakkar om The best Fylke ever – og nær 120 delegatar på Aps fylkesårsmøte applauderer som fjortisar på Melodi Grand Prix-show i Florø.

Slik går det, når eit fylke med kompleks får stjerner i sikte.

TILBAKE til røyndomen: Sogn og Fjordane tapar mot byane og vekstområda i kampen om ungdommen og framtidas arbeidsplassar. Vestlandet veks, men dette gjeld først og fremst Hordaland og Rogaland.

Gode kommunikasjonar er nøkkelen til framtida, men ingen anar i dag korleis Sogn og Fjordane skal få løyst behova sine for nye vegsamband, opprusting og rassikring.

Etterslepet på fylkesvegane er enormt, allereie før ein tek til å snakke om nyanlegga. Der vil Kystvegen kome på fleire milliardar kroner, med bru over Nordfjord. Opprustinga av Rv 57 vil koste ein milliard, Olden–Innvik 300 millionar, og atløyværingane ventar på brua si.

I Sogn reiser kravet seg om ei opprusting langs Sognefjorden til 1,6 mrd. kroner. Det er åleine like mykje som fylkeskommunens samla lånegjeld. Men det fylkeskommunen så langt er stilt i utsikt til fylkesveginvesteringar, er 51 mill. kr i året frå 2015.

Og enno snakkar vi ikkje om opprustinga av Strynefjellet og om stamvegen E39 – der standarden til dels er hårreisande.

Mange av milliardkostnadene med Førdepakken og stamveginvesteringane i Nordfjord vil krevje vegløyvingar ein aldri har vore i nærleiken av. Det kan bli titals år å vente på kommunikasjonsframsteg Sogn og Fjordane burde hatt for lenge sidan, medan fylket sakkar stadig meir etter i næringsutvikling og folketalsauke, samanlikna med vekstområda.

STAMVEGSTANDARDEN er dårlegare enn i Albania. Men landets næringsminister snakkar til fylkets største parti om Sogn og Fjordane som «det beste fylke i det beste landet i den beste delen av verda» – og at ein får tenkje på den låge arbeidsløysa og alt det andre positive, når ein er misnøgd med ein og annan vegstubb som ikkje kjem.

Slikt ville aldri fått passere blant møringar. Men i Sogn og Fjordane klappar politikarane lik tenåringar når popstjerner har vore på norsk jord i fem minutt og seier «I love Norway». Ingen utfordrar Trond Giske om fordelinga av samferdslemidlane han seier det skal bli meir av.

Dagen etter vedtek fylkesårsmøtet ei kolossal oppramsing av vegønskje som sikrar at alle delegatar kan kome heim til sine og seie at vegen vår er nemnd. Seinare slåst ein i Fylkestinget om pengelause prosjekt og ropar til kvarandre frå talarstolen om midlar frå Staten.

DET ER eit mønster: Då Helse Førdes sjukehusstrategi vart presentert for to år sidan, med helseministeren til stades, protesterte ingen ordførar så Anne-Grete Strøm-Erichsen høyrde.

Ingen slo heller i bordet medan ho var gjest og tilhøyrar under Aps fylkesårsmøte dagen etter. Men straks statsråden var undervegs til Bringeland, var helseslagsmålet i gang i salen. Her i fylket slåst vi med kvarandre, men når Makta kjem, bøyer vi hovudet for stjernene.

Artikkeltags