Skrik om språk

Artikkelen er over 11 år gammel

UNDER studenttida i Bergen for eit par tiår sidan var det ingenting som kunne hete opp eit møte eller eit nachspiel som ein skikkeleg språkdiskusjon, og då sjølvsagt ein diskusjon om målformene; nynorsk og bokmål. Ja, det kunne til og med bli nevebruk av slike diskusjonar, og ein og annan møtte nok opp på førelesing med ein blåveis også. Språket kunne, under rett stemning og rett temperatur, vere ei alvorleg sak å «kødde» med.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Leiar MEN sjølv om språkkampen er minst hundre år, varmar den like godt som før. Den som kastar bensin på bålet svir tupeen grundig. Likevel ser det ikkje ut til at Unge Høgre og andre reaksjonære krefter tek skrekken. Dei tyt på det gamle, og viser ein stor og utypisk vørnad for dei mest språksvake: «Mange ungdomar slit med å skulle lære to mål», blir det omsorgsfullt påstått frå høgresida. Men dei som har følgt den generelle skuledebatten dei siste tiåra, har vel ikkje akkurat registrert at det er dei svakaste i skulen som har opptatt juniorane og seniorane i Høgre mest. Tvert imot!

MEN no er altså talet på nynorskbrukarar så lågt, blir det hevda, at det berre er eit vestlandsk skriftspråk. Difor bør nynorsk kuttast ut som obligatorisk skriftsspråk i resten av landet, hyler koret. Til det er å seie at motstandarane tolkar språkutviklinga i landet dårleg dersom dei går rundt og trur at norske språk lettare vil kunne bergast berre dei slepp lære å skrive nynorsk. I realiteten er det nynorsk som bergar det norske språket, som er demninga som hindrar den engelskspråklege flaumen.

BOKMÅL som er truga av engelsk og globalisering. Nynorsk har alltid vore truga, og opplever såleis ingen ny situasjon. Likevel har nynorsk aldri vore brukt meir utover i landet enn i dag, t.d. i media. Og ei meir positiv haldning til at nynorsk kan nyttast av alle, alle stader, gjer seg gjeldande hos dei fleste i heile landet. Så kva er det Høgrefolka skrik etter? Dei burde heller takke for at vi har eit norsk språk som hindrar at det danskinspirerte bokmålet ennå ikkje er skifta ut med engelsk.

Sei di meining om leiraren på forum.firda.no.

Så kva er det Unge Høgre-folka skrik opp etter?

Artikkeltags