Ølpol og asfalt mot bratt moro

Debatten om trafikkløysingane i Førde skapar eit bilete som står i stadig større kontrast til Sogndals nye omdøme, skriv kommentator Helge Johnsen.

Debatten om trafikkløysingane i Førde skapar eit bilete som står i stadig større kontrast til Sogndals nye omdøme, skriv kommentator Helge Johnsen. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

KOMMENTAR: Debatten om trafikkløysingane i Førde, skapar eit bilete som står i stadig større kontrast til Sogndals nye omdøme

DEL

Førde kan bli kjend som byen der småbarnsforeldre må betale bompengar for å køyre ungane sine til barnehagen. Det er ikkje det beste omdømeprosjekt for ein kommune som ønskjer å trekkje til seg framtidas unge og vere motoren i Sogn og Fjordane.

Debatten om trafikkløysingane i Førde, og det mylderet av vegar, tunnelar, bruer og bomstasjonar som tydelegvis må til for å få ei storbygd i Sunnfjord til å fungere, skapar eit bilete som står i stadig større kontrast til Sogndals nye omdøme: Høgskulestaden der kule ungdommar kan drive med spennande ting, og deretter suse på ski så snøfoket står, i ein natur som tek pusten frå oss når vi ser den på TV.

I dag er vi vitne til ei utvikling der Sogndal er på offensiven og best evnar å posisjonere seg for å nå ungdommar som berre kjenner Sogn og Fjordane gjennom mytar, inntrykk og stikkord.

Sogndal-fotballen syter for at det skjer ei konstant påminning gjennom riksmedia om denne kommunen. Bratt Moro-arrangementa og ikkje minst TV-program som «Oppdrag Sognefjorden» går rett i ryggmargen hos dei unge og actionlystne. Og frå studentmiljøet breier positiv omtale av Sogndal seg gjennom jungeltelegrafen til nye ungdommar som sit og skal velje skulestad. Det er ei suksessoppskrift. Sogndal er i ein positiv spiral.

Truleg er Sogndal i dag den staden i Sogn og Fjordane folk i andre landsdelar set mest i samband med fylket vårt. I røynda skal det heller ikkje meir til enn ei kommunesamanslåing av Sogndal og Leikanger, før fylkesadministrasjonen også vil høyre til eit regionsenter og tyngdepunkt. I så fall vil Sogndal – sett utanfrå – framstå som «hovudstaden» i fylket vårt.Dette blir likevel teori – i alle fall førebels. Leikanger tviheld på grensene sine og på ordførarkjeda, og lustringane søv med kraftpengane sine under madrassen, og har slett ikkje tenkt å dele dei med sogndølar. Men scenariet er eit bilete på at Førdes posisjon som tyngdepunkt i fylket ikkje bør takast for gitt.

Folk som bur i Førde eller kjenner Førde, ser dei mange kvalitetane i dette lokalsamfunnet. Folk som besøkjer Førde utan å ha fordommar i bagasjen, snakkar ikkje om landets styggaste by. Men mytane om Førde lever. Dei blir brukte i sjukehuskamp og lokaliseringsstrid, og blir i verste fall biletet andre ser utanfrå.

Førde treng både omlegging av E39 og nye interne trafikkløysingar. Det skjer også svært positive ting, som sentrumsutviklinga og tilrettelegginga av idrettsparken, og kulturtilboda er mange. Men sett frå avstand, framstår det som at Førde ikkje kan bevege seg inn i framtida utan med bil, medan Sogndal renner inn i den på offpiste-ski.

Førde har eit problem, dersom staden blir oppfatta som litt sidrumpa og småpuritansk, og med eitt av landets siste ølpol – ein søvnig prærieby med vêrsjuke innbyggjarar som køyrer frå kassaapparat til kassaapparat. Dei unge vi vil ha hit må føle at Førde er plassen for dei. Førde må bli meir synleg utanfor Sogn og Fjordane. Også Førde treng å finne sitt gullkorn.

Artikkeltags