Høgre sitt mål

Artikkelen er over 13 år gammel

MATHIAS Råheim er på kant med sterke krefter i sitt eige partiet. Han vil kjempe mot avskaffing av den obligatoriske sidemålsstilen.

DEL

Meiningar MATHIAS Råheim er på kant med sterke krefter i sitt eige partiet. Han vil kjempe mot avskaffing av den obligatoriske sidemålsstilen. Dei fleste veit at Råheim, Sogn og Fjordane Høgre sin førstekandidat til stortingsvalet, ville ha skamskote seg sjølv i foten om han hadde lagt seg på urban-Høgre si linje og gått for å kutte sidemålsstilen. Rett nok er det dei her i fylket som hadde sett at sidemålet hadde blitt fjerna, ja, også dei som meiner at bokmål bør erstatte nynorsk fullstendig. Likevel gjer Råheim klokt i å føre kampen. Det vil han sjå når det nærmar seg september 2005.

MEN Råheim tek ikkje eit slikt standpunkt fordi han er redd for å komme på kant med potensielle veljarar. Han meiner nok at nynorskstilen er viktig for å kunne berge det nynorske målet, også på lang sikt. Men ingen skal tvile på at han får sitt å stri med i eit partiet som ser ut til å gå for eitt norsk mål. Det heiter bokmål. Oslo Høgre har hatt «nynorsk-bort-fra-skolen-vår» som eit meir eller mindre høglytt kommunisert slagord og ei ufråvikeleg kampsak i årevis. Framlegget om å programfeste fjerning av sidemålsstilen formaliserar og forsterkar denne kampen ved å gjere den til ei nasjonal sak og ikkje berre til ei sær Oslo-sak.

DET både høgrefolk og andre bør vite er at det som blir oppfatta som eit plagsamt sidemål, ikkje kun representerer ei målform, men også ein kultur. Kveling av det eine vil også ta livet av det andre. Det er dessutan naivt å tru at elevane i Oslo og andre stader vil bli betre i matte, engelsk eller bokmål fordi om ein kvittar seg med nynorsk. Her har Råheim eit viktig poeng når han seier til Firda at «lærdom er lett å bere». Hjernekapasiteten til Oslofolk er ikkje mindre enn hos vestlendingen når det gjeld å tileigne seg språk. Derimot ser vi at viljen til å lære språk er mindre der aust. Grunnen til det er mellom anna den propagandaen som Oslo Høgre har køyrt i årevis. Den har skada mange Osloelevar så mykje at dei har mist trua på at dei kan greie å lære seg skikkeleg norsk.

Hjernekapasiteten til Oslofolk er ikkje mindre enn hos vestlendingen når det gjeld å lære språk

Hjernekapasiteten til Oslofolk er ikkje mindre enn hos vestlendingen når det gjeld å lære språk

Artikkeltags