Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
NYE OG betre system for sporing av kjøtprodukt kan gjere det lettare å finne kjelda nesten gong det dukkar opp ei liknande sak. For det kjem det til å gjere. Som landbruksminister Terje Riis-Johansen sa i Stortinget tysdag; det vil alltid vere ein viss risiko for sjukdomsframkallande bakteriar i biologisk materiale. Norge har hatt mindre slike tilfelle enn andre land pga god dyrehelse, men vi kan ikkje leve på ein god historikk. Faren for å bli sjuk av det vi et må vi leve med, uansett tiltak.
DET DEI ansvarlege kan gjere noko med, er informasjonen til publikum når ulukka er ute. Informasjonsbehovet blir enormt, og folk ventar at styresmaktene skal gje dei kjapp og fullgod rådgjeving. No mangla det ein samla informasjonsstrategi der alle ledd i kjeda var trekt inn. Kanalane i vår medieverd er mange. Det same er mulegheita for å gje dei svar folk etterspør. Den grunnleggjande oppskrifta på korleis informasjonen skal handterast når det oppstår ei krise, manglar heller ikkje. Det er t.d. mange gode råd å hente i utgreiinga som Gudmund Hernes leia etter Tsjernobyl-katastrofa for 20 år sidan.
HEILE E. COLI-SAKA skal no evaluerast. Då reknar vi med at informasjonsdelen blir sett søkelys på. Søkelys bør det også settast på den manglande interaksjonen mellom ulike typar matprodusentar. Vi skulle t.d. tru at den kompetansen som laksenæringa har opparbeidd seg over fleire år på produktsporing burde kunne nyttast i kjøtbransjen. Då kunne ein kanskje ha spart seg å bruke 20 millionar på å etablere nye sporingssystem på kjøtsida.
Sei di meining om leiraren på forum.firda.no.