Meiner krysset syner tydeleg kva som ikkje er godt nok – søkte likevel ikkje om midlar til utbetring

Ved Krokane skule

Ved Krokane skule Foto:

Fylkeskommunen sat att med over to millionar som skulle gå til trafikksikring fordi for få kommunar søkte.

DEL

(FIRDAPOSTEN): I varsla Tone Olsen om at vegen ved Krokane skule og barnehage var farleg, skriv NRK Vestland.

Men vegen ligg framleis umerka. Alle kommunane i Vestland fylke kan årleg søke om pengar til å sikre mjuke trafikantar på farlege vegar. Denne våren hadde fylkeskommunen 5,6 millionar kroner til føremålet. Berre 16 av 43 kommunar søkte om slike midlar, og Kinn kommune er ikkje blant søkarane. Etter tildelinga sit fylkeskommunen att med 2,2 millionar kroner.

Kommunalsjef Rolf Bjarne Sund vedgår at vegen ved Krokane skule er eit "veldig godt eksempel på den type ting som ikke er godt nok". Han viser til kommunesamanslåinga som grunnen til at Kinn ikkje har søkt om slike midlar, ettersom dei var klare over ordninga.

– Vi hadde i utgangspunktet sett av midlar, fordi du må ha eigenkapital for å søke på slike ordningar. Vi er nøydde å gjere ei omdisponering av budsjettmidlar i overgang frå to kommunar til Kinn kommune, seier han.

Også i dei nye kommunane Øygarden og Ullensvang peikar rådmennene på kommunesamanslåing som årsak til at dei ikkje søkte. Dei manglar trafikksikringsplan, som er et av kriteriene til å søke, og denne var det ikkje tid til å få på plass før søknadsfristen gjekk ut i februar, i følgje dei.

Men toget er ikkje gått, for det er vedteke at dei resterande pengane skal lysast ut på nytt.

Artikkeltags