Meiner klagenemnda snublar i habiliteten
Artikkelen er over 1 år gammel
Fleire har reagert på måten klagenemnda har gått fram i saka om huset Trond Ove Hopen vil byggje i Eikefjord. I ein klage på det første vedtaket om å flytte huset fire meter av omsyn til naboane, ber naboane Erlend Øren og Malin Steinset om at klagenemnda tek eit oppgjer med seg sjølv og sine medlemmer.