Medvind for vindkraftmotstandarane i Motvind

DEMONSTRANTAR: Vindkrafts demonstrantar på Haramsøya på Sunnmøre førre torsdag.

DEMONSTRANTAR: Vindkrafts demonstrantar på Haramsøya på Sunnmøre førre torsdag. Foto:

Av
DEL

På seks månader har den ferske organisasjonen Motvind fått 11.983 medlemmer og samla inn millionar til kampen mot vindkraft.

Berre den siste veka har tusen personar strøymt til og betalt dei 200 kronene medlemskapen kostar, skriv Klassekampen.

Årsaka til medlemsveksten er ifølgje organisasjonen striden som går føre seg for å berge lokale naturområde som Haramsfjellet og Øyfjellet, der det dei siste vekene har vore demonstrasjonar og politiaksjonar.

– Det har vore ei rekordoppslutning, og det held berre fram å strøyme på, seier Eivind Salen, styreleiar i Motvind.

Salen påpeikar at Motvind er i ferd med å puste fleire parti på Stortinget i ryggen, med tanke på talet på medlemmer og oppslutning i val. Både SV og Frp hadde begge rundt 15.000 medlemmer ved utgangen av 2019, medan Senterpartiet hadde rundt 22.000 medlemmer.

Organisasjonen har sidan skipinga i november i fjor samla inn 1,5 millionar kroner på kronerullinga Spleis, ifølgje ei oversikt laget av Klassekampen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken