Holmedøl står bak Dagsrevyens nye design

Aksel Helgheim i det nye studioet til Dagsrevyen.

Aksel Helgheim i det nye studioet til Dagsrevyen. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

I kveld kjem Dagsrevyen med ny utsjånad. Mannen bak den nye vignetten er Aksel Helgheim frå Holmedal.

DEL

Dagsrevyen skal bytte intro for første gong sidan 2007. Aksel Helgheim er prosjektleiar for den nye utsjånaden til NRK Nyheter. Helgheim har vore produsent for NRK sidan 2005, men har tidligare jobba i sporten og Barn og Ungdomsavdelinga i NRK.

Medielandskap i endring

Grunnen til endringa ligg i at ein ny mediekvardag har ført til at det er eit aukande behov for å ha eit design som støttar fleire einingar enn berre TV.

– Medielandskapet er i endring og ein må vere heilskapleg på mobil, nett og TV, seier Helgheim.

Dette betyr farvel til vignetten som har innleia Dagsrevyen sidan 2007.

– Eg trur ein vil sjå færre slike store endringar i framtida. Eg trur utsjånaden kjem til å endre seg litt heile tida, heller enn at ein ventar i sju år før det kjem ei kjempestor endring.

Den nye vignetten har vorte laga for å binde saman dei ulike plattformene som radio, nett og TV under eitt design.

– Brukar du NRK på desse ulike plattformene får du eit heilskapleg bilde og det gjer vi ved å skildre det dunkande døgnet gjennom våre flater og våre plattformer, seier Helgheim

Röyksopp på laget

Helgheim seier dei har lagt lista veldig høgt og har til og med henta inn hjelp frå duoen Röyksopp, beståande av Svein Berge og Torbjørn Brundtland, til å lage musikken. Siste året har dei jobba med å få ferdig Dagsrevyen sin nye kjenningsmelodi. Helgheim har mykje fint å seie om musikarane:

– Musikken støtta under den heilskaplege pakka, noko som er litt utypisk dei, men som er bra for oss. Den støttar lydbildet og gjer det mogleg å nå ut med dei visuelle konsepta.

Artikkeltags