Du kan risikere svart skjerm ved midnatt

SVART: Det kan vere at du må greie deg utan TV 2-kanalane til dei er blitt einige om pengefordelinga.

SVART: Det kan vere at du må greie deg utan TV 2-kanalane til dei er blitt einige om pengefordelinga. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

TV 2: Søndag kveld kan 800.000 norske sjåarar risikere å misse TV2.

DEL

TV 2 og RiksTV er i forhandlingar om ein ny distribusjonsavtale, men har ikkje greidd å bli einige enno. Den noverande avtalen går ut ved midnatt, og om partane ikkje er komme til einigheit om ein ny avtale innan dette vil 272.000 RiksTV-kundar misse alle TV 2-kanalane sine. Dette utgjer omkring 800.000 norske sjåarar, skriv Dagbladet.

Handlar om pengar

RiksTV auka prisen på den såkalla «Rikspakken» med 50 kroner tidlegare i haust. 50 kroner meir per kunde per månad gjev RiksTV 160 millionar kroner i auka inntekter årleg, og TV 2-sjef Olav Sandnes meiner han har krav på ein del av denne prisauken.

RiksTV har så langt i forhandlingane nekta å gje etter presset frå TV 2, skriv nettavisa Kampanje.

Artikkeltags