– Blir forbanna av elendig vêr!

– Jeg sitter mye alene og surrer met dette været. Da er det kjekt at folk ser arbeidet jeg gjør. Det gjør meg glad, sier Eli Kari Gjengedal, som fikk pris denne uken.FOTO: ntb SCANPIX

– Jeg sitter mye alene og surrer met dette været. Da er det kjekt at folk ser arbeidet jeg gjør. Det gjør meg glad, sier Eli Kari Gjengedal, som fikk pris denne uken.FOTO: ntb SCANPIX

Av

VÊR: – Ja, eg kan bli forbanna på vêret eg også. Det er kjedeleg med pissregn og mørke døgnet rundt, seier Eli Kari Gjengedal, sjef for vêret i TV 2. Sist veke vann ho Kringkastingsprisen for måten ho brukar dialekten sin på.

DEL

– Gratulerer med pris!

– Tusen takk. Det var veldig uventa og kjekt. Eg fekk vite det på direkten i Nyhetskanalen. Kjempemoro!

– Fleire i TV 2 har fått prisen før. Kom det verkeleg heilt uventa?

– Ja, eg går ikkje rundt og tenker på at eg skal få ein slik gjev pris når eg gjer jobben min. Derfor er det kjempemoro når det skjer.

– Du har fått prisar før?

– Ja, eg har fått både frå Mållaget og frå Målungdommen. Eg har blitt tatt like mykje på senga kvar gong.

– Dei feira deg godt i TV-kanalen, forstår eg?

– Ja, det var heilt fantastisk. Dei hadde invitert Kringkastingsringen, som delar ut prisen, til sendinga. Det var mykje folk, og heile leiargruppa. Sjefen sjølv, Olav Sandnes, heldt tale, og eg fekk ostekake, min favoritt, og mange fine ord. Det er rørande at så mange brukar tida si på meg. Og så gjekk eg og styret i Kringkastingsringen ned i kantina og åt lunsj. Der kom NRK og ville booke meg til deira sending. Eg var veldig stolt!

Vekas person

Eli Kari Gjengedal (47).

Gift med Tom, ein son, Nikolai (13).

Utdanna akvaingeniør og bartender. Er forfatter og redaksjonssjef for vêret i TV 2.

Frå Leikanger i Sogn, bur på Nordnes.

Aktuell: Fekk Kringkastingsprisen førre veke.

– Så du er framleis audmjuk?

– Ja, eg trur då det. Eg sit mykje åleine og surrar med dette vêret. Då er det veldig kjekt at folk ser det arbeidet eg gjer. Då blir eg glad. For ein blir jo glad av slikt – blir ikkje du?

– Sjølvsagt. Var dei like nøgde då du presenterte ei heil vêrmelding på samisk på samanes nasjonaldag 6. februar?

– Ja, eg trur det.

– Men kvifor gjorde du det?

– Eg er glad i samisk kultur. 6. februar set vi alltid fram det samiske flagget på jobben. Då eg såg at eg hadde vakt i år, tenkte eg at eg kanskje kunne gjere meir ut av det. Eg tok kontakt med Niklas Labba, som er sjef for dei samiske studiane ved Universitetet i Tromsø. Eg sende han manuset og fekk han til å omsette det. Så las eg det opp for han. Visst han ikkje hadde «skjønt bæret», ville eg trekt meg, men han svarte «æ skjønte alt». Då var det berre å la det stå til.

– Du kunne hatt samedrakt også?

– Nei, det ville ha blitt for mykje. Då hadde eg blitt ein slags Ante Valente. Eit slikt stunt må gjerast skikkeleg og med respekt både for samane, meg sjølv og TV 2. Reaksjonane – også frå samane – var veldig positive. Det er viktig for folk å bli sett, få litt merksemd og bli hylla litt. Det skjønte eg endå klarare etterpå.

– Du har fått negative reaksjonar på dialektbruken også?

– I starten fekk eg nokre gongar tilbakemeldingar på dialekten og stemmeleiet mitt. «Det er for mange vestlendingar i TV 2», sa nokre. Men det er jo mangfaldet som er viktig. Vi må spegle samfunnet. No ser vi at det snur, at det er «back to the roots», at identitet og dialekt blir stadig viktigare.

– Kjem det nye stunt frå deg?

– Eg likar jo å gjere slike ting, så du skal ikkje sjå vekk frå det. Men det må knaggast på vêret, og eg må ha ein bodskap og ei meining. Det skal ikkje vere eit rop om merksemd.

– Vi er i mørketida. Blir du vêrsjuk sjølv?

– Eg veit ikkje om eg blir vêrsjuk, men dei siste åra har eg reagert på vêret på denne tida. Eg blir forbanna! Det er jo for trasig med pissregn og mørke døgnet rundt. Men eg har funne meg ein metode, nemleg å gifte meg austpå. No dreg vi til Geilo nesten kvar helg. Der er det lysare, i alle fall når det er snø. Det er godt. Om eg ikkje hadde hatt Geilo, hadde eg også gått her dukknakka. Og så skjer det noko med lyset på Nordnes, der eg bur, andre veka i februar. Då kviknar eg til, og får ei lykkekjensle. Då er det eit halvt år til det blir mørkt igjen.

– Kva gjer du i jula?

– Det blir Geilo då også. Snø, ski, ungane våre, og svigerforeldre. Det blir ei tradisjonell og kvit jul. Eg høyrer at forholda er kjempefine. Men på julaftan blir det svineribbe, dessverre. Slik er det når ein giftar seg med ein austlending!

Artikkeltags