Fleire nettaviser har store tekniske problem

Av

Firda og fleire norske nettaviser har hatt større tekniske problem torsdag grunna eit straumbrot hos leverandøren Redpill Linpro.

DEL

Dette har mellom anna ramma mediehusa i Amedia som Firda er ein del av, Dagens Næringsliv og E24, melder Medier24.

Fleire redaktørar i Amedias nettaviser opplyser at dei har problem med alt frå fronten til publiseringsløysingar.

– Vi har hatt problem sidan i dag tidleg, og det blir jobba med å rette opp i feila. Slik det ser ut no, så kjem av det eit straumbrot hos Redpill Linpro, seier utviklingsdirektør Ann Baekken i Amedia.

Det inneber at nettaviser som Firda, Nordlys, Bergensavisen, Avisa Nordland og fleire andre har vore utilgjengeleg for publikum. Dei som har komme inn, har vorte servert gamle framsider.

– Eg kan stadfeste at vi har hatt eit straumbrot på ein av våre tre datasenter og det rammar spesielt DN.no, men dei er på veg opp igjen no. Vi jobbar for fullt med saka, seier Margrethe Gleditsch hos Redpill Linpro.

Like før klokka 9 torsdag har DN.no vore nede i om lag 2,5 timar.

– Vi slit med å komme opp igjen. Det er eksterne problem, og dessverre utanfor vår kontroll. Det var rundt klokka 6.25 at vi vart klar over det. Det er svært alvorleg for ei nettavis som oss. No blir lesarane vidaresende til DN Investor, der vi publiserer saker kontinuerleg. Også det brukte vi litt tid på å få opp, seier desksjef Bjarne Dramdal Erichsen i Dagens Næringsliv.

Artikkeltags