Dei har det kanskje godt no, dei lokale politikarane og nokre andre som har kjempa for at gravemaskinene skulle få gnage i seg den grøne grenda Engebø i Vevring. Nordic Mining har fått pengar til å krase hus og tun med makt; gjere grøne bøar til grå grus. Sjølve Engebøfjellet skal bli til slam over livet i fjorden.

Synet av denne brutaliteten avlar vemod hos ein pensjonert mann over framtidsvonene for dei som leikar leande på lubne barnebein. Jorda krympar under dei. Ikkje fordi ho vert mindre, denne kula som kvar morgon rullar soloppgangen tid dag for oss. Men fordi vi som dovnar oss i materiell overflod, gjer det med trakk av jarnskodd hæl over livet på vår avgrensa plass for liv. Litt trakk kvar dag, og kvar dag kjem det nye hælar til flokken. Innsatsen for å gjere grøn rikdom til svart avfall har aldri vore større. Arven som dei unge og ufødde skal overta, svinn under våre steg. Ingen annan epoke i menneskesoga har meir å stå til rette for enn vår moderne tid, især dei siste 50 åra. Fleirtalspolitikarane gjer stadig sitt beste for å lesse på dei unge ei bør som ingen kan bere.

På ruinane av eit samfunn som sakte grodde fram gjennom tusenåra, er maskinstyrkane i gang med å montere tappekranane for gullet i Engebøfjellet. Etter eit glimt av tid – 30 år eller so – er det over. På øydemarka etter Nordic Mining har livet tapt sin rett. Den glupske moderniteten har tømt bank etter bank for økologisk kapital. Åtvaringane har vore mange, lenge. Men i staden for å lytte, tok styrande kvinner og menn på seg øyreklokkene for å sleppe å bli forstyrra.

Ingen veit – dersom fjellet vert smadra – kor lenge avfallet vil kjøve det frodige livet som no kravlar, sym og driv i fjorden, eller i fargerike korallar som ikkje kan flytte seg. Born som no veks opp i bygda, vil for livstid ha tapt sin fjord. Ingen veit kor mykje av sjøen som vert kvelande grå av slam. Om når fjorden igjen kan puste, har vi fått lettvinte spekulasjonar, berre det.

Slik har moderne samfunn drive på i lange tider. Grunnlaget for liv har forvitra for nesten alle artar av dyr og planter, i rasande fart. Kurva stig nesten loddrett. Heller ikkje mennesket slepp unna no lenger. Jorda ser vi er utolmodig og alt i ferd med å riste oss av stakken, kanskje. For tida knakar det moderne prosjektet i skroget. Fleire spant har brotna. Vi har, med olje og kol som drivkraft, teke spranget frå den gongen vi måtte ha fagfolk på plass for å finne spor etter menneska i eldre tider, til at vi no treng spesialistar til å påvise flekkar med uforstyrra natur.

Eit halmstrå å klamre seg til ligg kanskje i at aksjekursen for selskapet har falle i heile 2022. Kanskje har ikkje ein gong finansverda tru på prosjektet? Kanskje veit dei at berre med fare for sitt gode namn og rykte kan nokon setje pengar i slikt skadeverk som i Vevring?

Les også

Det skal koste å forureine ein fjord