Me har «aldri» hatt betre føresetnader

KLARE: Spelarane og trenarane i Sogndal Fotball blei permittert under korona. – Fotballen er utfordra. Ikkje berre i Sogndal, men i heile landet og kanskje over heile verda. Det økonomiske fundamentet er usikkert, skriv Rasmus Mo. Han meiner klubben har alle moglegheiter.

KLARE: Spelarane og trenarane i Sogndal Fotball blei permittert under korona. – Fotballen er utfordra. Ikkje berre i Sogndal, men i heile landet og kanskje over heile verda. Det økonomiske fundamentet er usikkert, skriv Rasmus Mo. Han meiner klubben har alle moglegheiter. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

No er me klar for seriestart i OBOS-ligaen. Det har vore ein lang forsesong, so difor er me kanskje meir klare enn nokon gong til å starta. Eg meiner me aldri har hatt betre føresetnader for å prestera enn akkurat no. Me gjekk gjennom ein knalltøff omorganisering i fjor, som gjorde oss skikka til å møta sportsleg satsing med mindre økonomi.

Heller ikkje me slapp unna koronakonsekvensane. Midt i oppkøyringa måtte me permittere alle i klubben. All trening vart lagt ned og me måtte trygga klubbens eksistens i eit usikkert marknad.

Men no er me her. Me har trent godt med ein ung gjeng, der innslaget av lokale og regionale spelarar er større enn på mange år. Men eg ber om at me må ha tolmod. Resultata kan variera, men det handlar alltid om lysten og evna til å vinna fotballkampar. Desember vil gje oss svar på korleis vegen vart.

Rasmus Mo, dagleg leiar i Sogndal Fotball.

Rasmus Mo, dagleg leiar i Sogndal Fotball. Foto:

Det vert sjølvsagt særs spesielt at me ikkje får spela med publikum ringside. Men, slik er det for alle. Sjølvsagt er det seigt at me ikkje skal samla dugnadsgjengen for å laga fest på Fosshaugane. Men, slik er det for alle. Sjølvsagt er det seigt at me ikkje får visa fram kva som bur i denne klubben, dette anlegget og desse folka.

Fotball er kjensler. Nesten berre det. Den gode praten om kven som burde, kunne og skulle ha spelt. Kven som eigentleg burde ha trena laget og kven som bør leie det heile. Det er dette som viser at folk bryr seg og det gjev oss bensin.

No treng me ikkje møtast for å ta slike diskusjonar. Me kan melda oss på ein eller annan elektronisk plattform. Slik er verda no. Nokon reagerer på at eg ikkje er deltakar i desse diskusjonane. Det kan eg forstå, men eg er klar på at eg skal leie klubben ut frå ein strategi sett av styret og som eg må vera lojal mot. Eg veit at diskusjonar på nettet ofte kjem ut av kontroll og tek retningar det er umogleg å følga heilt ut.

Sogndal Fotball har ei stolt historie. Det trur eg dei fleste er einige i. Men me har og ei stolt notid som skal legga premiss for framtida. Me har aldri satsa meir på utviklingsarbeidet vårt enn no. Me har tett relasjon til kunnskapsmiljøet på Høgskulen på Vestlandet (HVL) og vidaregåande skule. Det er gode ordningar for ungdom å kombinera toppidrett og utdanning. Me har eit sterkt fokus på å utvikle heile menneske.

Resultatet av dette er at mange av talenta kjem nettopp til Sogndal i år.

I år er Sogndal og for fyrste gong med i nasjonal liga for gutar 16 år. Det vil seie at dei får vera med i kampbilde til dei aller beste laga i landet vårt. Lukkast me her, får me internasjonale kampar. Det er ein strålande inngang til elitefotball.

Sogndal Fotball gjer ikkje alt rett. Sjølvsagt har me mykje å læra … … og takk for det. Me prøver verkeleg å verta betre og betre. God i dag, betre i morgon.

Kva so med jente- og damefotballen? Toppsatsingen på damesida har vore Kaupanger sitt domene i mange år. Ein jobb dei har gjort særs godt. Men, det er tøft å prestera på toppnivå i ein so liten klubb. Det veit me alt om. Men, kanskje me kan få til noko i lag? Det jobbar me med no. Samstundes må me passe på at me ikkje knekkjer ryggen, difor må økonomien og organisasjonen vera på plass for å lukkast i dette.

No ventar 30 seriekampar for Eiriks menn. Dei skal vera avvikla til 6. desember. Klubben håpar at me kan invitera publikum utpå sommaren. Når det skjer, stiller 250 frivillige opp til dugnad. Det handlar om vertskap og sikkerheit. Det er ein fantastisk ressurs for ein kvar klubb. Utan desse, ingen kamp.

Sogndal Fotball har over 130 samarbeidspartnarar. Partnarar som gir oss moglegheit til å skapa ein økonomi for å vera ein utviklingsarena for unge fotballspelarar. Utan desse hadde det ikkje vore mogleg. I det store bilde, er det då viktig at me skjønar kor viktig det er at me alle handlar lokalt. Det lokale næringslivet er grunnmuren til all organisert aktivitet.

Det er tøft å skapa toppidrett over tid. Det er det mange som har prøvd. Me har gjort det i 45 år. Uavbrote. Det skal meir enn ein vilje til. Dette handlar om å skapa suksess der ein er, ut frå eigne føresetnader. Me er heldige som har ei bygd og ein region som skjønar kva som skal til. Det er sjølvsagt meiningar om me gjer dei rette tinga til kvar tid. Og slik må det vera. Historia viser at me stadig er å rekna med.

Me satsar stort på å byggja relasjonar til klubbane rundt oss. Det er ikkje berre i Sogndal at det vert utvikla spelarar. Vidare satsar me store pengar og ressursar på å utvikle gode treningsareal for born og unge. Me er ein del av det nest største utdanningsmiljøet for idrett i Noreg. Me går meir og meir frå å tru til å vita. Dette har gjeve og vil gje resultat over tid.

Fotballen er utfordra. Ikkje berre i Sogndal, men i heile landet og kanskje over heile verda. Det økonomiske fundamentet er usikkert. Me må tenkja annleis og kanskje heilt nytt. Klubben vår har alle moglegheiter. Me kan invitera til treningshelgar, cupar, klubbutvikling, trenar- og dommarseminar. Kanskje det er element av dette mes skal leva av i framtida? E-Sport er på full fart inn i den organiserte idretten. Me ønskjer og å ta ei rolle der. Me kan om me vil og torer.

Me lovar å gjera det me kan for å gjera klubben, bygda, regionen og landet stolte over at nettopp me er ein del av toppfotballen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags