Ein utanlandsk motorsyklist bomma på svingen ved Selstadbrua på fv. 610 ved Sande ved 20.00-tida fredag kveld.
– Han var på veg frå Sande mot Viksdalen. Han klarte akkurat å ikkje hamne i elva, men fortsette utover ein liten bø rett ved elva, seier vakthavande innsatsleiar ved politiet i Sunnfjord, Joakim Malterud.
– Både brannvesen og ambulanse rykte ut. Det ser ut som han ikkje hadde spesielt høg fart, han var berre ukjend på vegen og bomma på svingen. Han vart teken med for ein helsesjekk, men utover det kjem vi ikkje til å forfølge saka vidare, seier Malterud.