Ein motorsykkel med to personar har køyrt utfor på E39 i Halbrendslia i Førde, melder Vest Politidistrikt på Twitter.

To personar er sende til sjukehus med ambulanse. Dei skal ha vore medvitne, melder politiet.